Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 19, 2021
Sør-Fron kyrkje er ei åttekanta kyrkje på Hundorp i Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Kyrkja stod ferdig i 1792 og er bygd i seinbarokk stil med detaljar i Louis-seize-stil. Ho er hovudkyrkje for Sør-Fron sokn som ellers også har ei fjellkyrkje, Espedalen fjellkyrkje.
Sør-Fron kyrkje er bygd som ei breikyrkje, altså ei kyrkje som er breiare enn ho er lang til. Altaret står på den eine langveggen med hovudinngangen på motsett side. Ho har galleri som går rundt heile kyrkja, med utviding til lukka pulpiturar over inngangane. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel ved innviinga i 1792, som den fyrste kyrkja i Gudbrandsdalen. Orgelet stod på eit eige galleri over galleriet ved inngangen. Seinare orgel vart større og står nede på hovudgalleriet over hovudinngangen. Kyrkja har preikestolaltar, det vil seie at preikestolen er bygd inn i altarveggen over altaret. Dette var vanleg for lutherske kyrkjer frå omkring midten på 1700-talet og fram til tidleg på 1800-talet. Les meir …