Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 18, 2020

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Hopp til navigering Hopp til søk
Sør-Georgia

Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane er eit britisk oversjøisk territorium sør i Atlanterhavet. Det er ei avsidesliggande og vêrhard øygruppe som består av Sør-Georgia og ei rekkje av mindre øyar kalla Sør-Sandwichøyane. Sør-Georgia er 167,4 km lang og 1,4 til 37 km brei og den klårt største øya i territoriet. Sør-Sandwichøyane ligg om lag 520 km søraust for Sør-Georgia. I alt dekkjer øyane 3 903 km².

Det er ingen innfødde folk på øyane, men i dag bur britiske embetsfolk, forskarar og andre frå British Antarctic Survey på øya. Dei driv forskingsstasjonar på Bird Island og hovudstaden King Edward Point, i tillegg til museumstilsette i nærliggande Grytviken. Grytviken var frå tidleg på 1900-talet base for norske kvalfangarar. Etter at kvalfangsten tok slutt, har det vore få fastbuande på øyane. Om vinteren er det berre litt over ti menneske her. Les meir …