Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 17, 2013

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Ein av underskrivarane, Hone Heke, med kona si, Hariata
Ein av underskrivarane, Hone Heke, med kona si, Hariata

Waitangitraktaten er ein avtale som først vart underteikna 6. februar 1840 av representantar frå den britiske krona og ulike māorihøvdingar frå den nordlege delen av NordøyaNew Zealand. Traktaten innførde ein britisk guvernør på New Zealand, erkjende eigarskapen māoriane hadde over landet sitt og andre eignelutar, og gav māoriane rettar som britiske borgarar. Traktatversjonane på engelsk og på māorispråk er langt frå i samsvar med kvarandre, så der er inga eigentleg semje om kva partane i 1840 skreiv under på. Frå den britiske synsstaden gav traktaten Storbritannia suverenitet over New Zealand, og guvernøren rett til å styra landet på vegne av den britiske monarken. Māoriane synest å ha hatt andre forståingar av avtalen, mange av desse skil seg sterkt frå dei britiske tolkingane.

Inntil 1970-åra vart traktaten generelt sett bort frå. Frå sist på 1960-talet byrja māoriar å merka seg brota på traktaten, og seinare hendingar har lagt vekt på problema med oversetjinga. I 1975 vart Waitangitribunalet etablert som ein permanent granskingskommisjon med oppgåve å granska brot på avtalen ved styresmaktene, og å føreslå åtgjerder for kompensasjon. I dag er Waitangitraktaten generelt sett på som grunnlagsdokumentet for New Zealand som ein nasjon. Les meir …