Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 15, 2006
Utseende
Trollheimen er eit fjellområde på grensa mellom Nordmøre i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Trollheimen dannar eit klimaskilje mellom landsdelane og mykje av fjellheimen er freda. Her er sers spanande fjellflora, og målingar syner at dette er eit av dei områda i Nord-Europa med minst ureining. Dei høgste fjella er Trolla (1 850 moh.), Blåhø (1 672), Snota (1 668) og Trollhetta (1 614).
Det er mykje turisme i Trollheimen, og fleire hytter i turistnettet til Den Norske Turistforeining. I vinterhalvåret er det køyrd opp fine skiløyper kringom i området. Særleg i påskeveka er det mykje folk i dei.
Namnet Trollheimen vart først føreslått av Håkon Løken, og vart gitt til området av Trondheim Turistforeining i 1880-åra. Les meir...