Diskusjon:Veum kirke

Sideinnholdet støttes ikke på andre språk.
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

Tidlegare kyrkjer

Den fyrste kyrkja stod på garden Veum som ligg i lia ovafor noverande kyrkjestad. Garden er frå 800 – 1000 e. Kr. og kyrkja, som truleg vart bygd kring år 1300, kan vere den eldste i Fyresdal. I 1386 var her bispevisitas. Denne kyrkja var ei stavkyrkje, i 1668 var ho i dårleg stand, trong ofte reparasjon, og i 1727 vart det bygd ei ny kyrkje på same staden.

Prokurator Lund seier i 1785 at kyrkja: ”-er ikke meget gammel, dog er den uanseelig”. Gunnar Flaske (Veum) laga etter tradisjonen mykje av innreiinga, og utførde målararbeid. Denne kyrkja vart rive i 1862 og inventar og anna vart selt til folk på gardane i nærleiken. Mykje av dette er enno i privat eige eller på Fyresdal Bygdemuseum. Altertavla er på Telemark Museum.

Det vart bygd ny hovudveg gjennom bygda og det vart til at den nye kyrkja skulle ligge nær vegen. Det var mange som synest det var vondt å rive kyrkja og ikkje lengre halde til på dei gamle tuftene. Det var den allsidige presten Teisner som ikkje minst ivra for ein meir "framtidsretta" kyrkjestad.

Noverande kyrkje

Den kyrkja som no står vart ferdig i 1863. Det er ei langkyrkje bygd etter ei typeteikning av arkitekt C. H. Grosch. Noverande altertavle er måla i 1914 av Eivind Nielsen (1864 – 1939).

Kunstnaren Kristian Kildal i Asker har laga fargedekorasjonane som er i kyrkja i dag. Resten av målararbeidet er gjort av lokale handtverkarar. Det nymåla indre vart innvigd i 1957, fargerikdom og fargeglede pregar romet.

Noko tidlegare var det store rosevindauget over inngangsdøra fjerna. Det var i sers dårleg forfatning. I seinare tid er ei praktfull og sermerkt prismelysekrone restaurera og hengt opp att i midtgangen.

Orgelet er det tidlegare orgelet i Moland kyrkje, restaurera og montera i 1979. Det er eit retteleg godt orgel som kom til Moland kyrkje frå Gjerpen kyrkje i nedre Telemark.

Kyrkjeromet slik det er no gjev eit varmt og lyst inntrykk som står i kontrast til det ytre noko strenge preget kyrkjer av denne typen har.Dette usignerte innlegget ble skrevet av 94.139.74.92 (diskusjon · bidrag) (Husk å signere dine innlegg!)

Endret eksterne lenker[rediger kilde]

Jeg har nettopp endret 1 ekstern(e) lenke(r) i artikkelen Veum kirke. Sjekk gjerne at endringen min er OK. Hvis du ønsker at jeg skal ignorere disse lenkene eller hele siden, eller hvis du har andre spørsmål, se denne spørsmålssiden. Jeg har gjort følgende endringer:

Med hilsen—InternetArchiveBot (Rapporter feil) 17. apr. 2021 kl. 00:09 (CEST)[svar]