Diskusjon:Moland kirke

Sideinnholdet støttes ikke på andre språk.
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

Noverande kyrkjestad var truleg i bruk i 1342 då Torgaut er nemnd som prest. Tida før dette veit me ikkje noko om, det er og sers lite vi veit om kyrkje(ne) i tida 1342 – 1665. I 1386 var det bispevisitas ved biskopen i Oslo. I 1665 vart dåverande kyrkje rive, det var ei stavkyrkje. Kyrkjene var vigde til St. Laurentius, i bygda vår kalla «Lavrans».

Moland er namnet på prestegarden og det vart og namnet til kyrkja og soknet.

I 1665 vart det bygd ei kyrkje med krossform. Byggmeister var ein trønder som heitte Johannes Hallsteinsøn. Ein bjelke frå denne kyrkja er å sjå i den noverande og der står: “DENNE KIRCKE BLEF BYCKET ANNO CHRISTI 1665 J. H. S.” Prokurator Lund seier i 1785 at kyrkja var ”maled uden og inden, ret smukt.” Og presten Wille sa i 1786 at ho var “Den smukkeste i øvre Thelemarken”.

Dette hindra ikkje at vedlikehaldet var sers dårleg. Tårnet rotna i sine samanføyingar og ein var redd det skulle ramle saman. Sumaren 1835 tok så «Jordalsvinden» tårnet, utan altså å ha skulda åleine! Fyrst 1. juni 1841 tok dei til å rive heile kyrkja som stadig hadde blitt dårlegare.

Noverande kyrkje

Den nye kyrkja vart innvigd 2. juli 1843 av bisp von der Lippe. Den er oppførd av Gunnar Tarjeisøn Klauvreid under tilsyn av byggmeister Anders Syrtveit frå Evje. Ei av slottsarkitekt Linstows enkle typeteikningar vart nytta. Benkane vart restaurera i 1906 og kyrkja vart måla innvendig og pryda i 1908. Romet var kvitt med benkar i grønt og gull. Grøn girlander oppe under taket. I kyrkja er det oljemålarstykke av dei 11 fyrste Oldenburgerkongane, dei hang i koret i den gamle kyrkja så tidleg som i 1785.

Kyrkjeromet vart igjen restaurera i 1962. Det fekk då ein varm rosa farge. Altertavla vart skifta ut. Den noverande stod i gamle Heggland kyrkje og er frå 1738. Det vart då og montera ny lysarmatur. Nytt orgel kom på plass i 1979. Det gamle, som var gjeve til Moland kyrkje i 1908, vart flytt til Veum kyrkje.

Kyrkjeromet gjev eit opent og romsamt inntrykk og har sers god akustikk.Dette usignerte innlegget ble skrevet av 94.139.74.92 (diskusjon · bidrag) (Husk å signere dine innlegg!)

Endret eksterne lenker[rediger kilde]

Jeg har nettopp endret 1 ekstern(e) lenke(r) i artikkelen Moland kirke. Sjekk gjerne at endringen min er OK. Hvis du ønsker at jeg skal ignorere disse lenkene eller hele siden, eller hvis du har andre spørsmål, se denne spørsmålssiden. Jeg har gjort følgende endringer:

Med hilsen—InternetArchiveBot (Rapporter feil) 25. mar. 2021 kl. 17:13 (CET)[svar]