Diskusjon:Husnes

Sideinnholdet støttes ikke på andre språk.
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

Husnes sin historie[rediger kilde]

Kort og godt, er det nokon i kommunen som har i det minste en delvis oversikt over kva slags historiske kjelder det finns om Husnes ?

Ein kan finna gode lokalhistoriske bøker om andre norske industristader og byar, som til eksempel Odda eller Mo i Rana. Ei historie om Husnes er ikkje mogeleg, men er det nokon her som har forsøkt å femne bredt om Husnes sin historie: politisk, økonomisk og sosialt? Som har jobba og har oversikt over det kjeldematerialet, både primærkjelder og sekundærkjelder som finnes om Husnes, som foto, film, brev, plakatar, historier frå lokale, andre lokalhistoriebøker, saksdokumentar i kommunestyret, anna regionale eller statlege myndighetsdokumentea, byggjesaker, avviser og med meir?

I tillegg til dette tenkjer eg at ein viktig del for å kartlegge Husnes sin historie handlar om alle bygga som framleis står eller som har blitt revet eller oppgradert, er det nokon som har jobba med dette?

I sluttordet til Hilde Gunn Slottemos lokalhistoriske bok Malm, Makt og Mennesker: Ranas historie 1890-2005 forteljar ho om meta-forteljingar i norsk historieskriving og formidling. Ho snakkar om korleis mykje av norsk historieskriving spiller inn i romantiske forteljingar om vekst- og velstand på tross av mostand og prøvelsar. Slike metaforteljingar er ein måte å forstå og ramme inn historia, men som konsekvens vil historiske detaljar, fenomen og anna bli utelat, eller tillagt meir eller mindre betydning og viktigheit, enn det som reelt sett skjedde. Difor er eg opptatt av å leite fram alt som finnes om Husnes, uansett medium/format, for så å dykke ned i detaljrikdommen, ikkje for å skrive "the history of Husnes", men historiene (fleirtal) om Husnes, nettopp for å fange stadens kompleksitet, og danne en bred ramme der ulike opplevingar av Husnes som stad å på bu, jobba, leve og handle kan sameksistere. Og korleis Husnes som stad står i relasjon med dei andre bygdene i kommunen, og regionen i større omfang.

Hvetemel (diskusjon) 29. apr. 2024 kl. 16:10 (CEST)[svar]