Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2011
Utseende
![Jomfrutårnet i den gamle bydelen i Baku](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/71/Baku_Maiden_Tower.jpg/120px-Baku_Maiden_Tower.jpg)
Baku er hovudstaden i Aserbajdsjan. Baku ligg på sørsida av Absjeronhalvøya og består av tre delar: gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetiske delen. Byen er kjend i skriftlege kjelder frå 600-talet. Byen hadde i 2009 litt over 2 millionar innbyggjarar.
Byen er det økonomiske og kulturelle sentrumet i Aserbajdsjan, og den største byen i heile Kaukasus. Økonomien i Baku er grunna på petroleumsverksemd, slik som SOCAR, eit av dei 100 største selskapa i verda.
Gamlebyen i Baku med Shirvanshahpalasset og Jomfrutårnet vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 2000. Les meir …