Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2016
![Utsyn over Daudehavet frå Israel over til Jordan](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/21/Dead_Sea_by_David_Shankbone.jpg/120px-Dead_Sea_by_David_Shankbone.jpg)
Daudehavet er ein salt innsjø ved utlaupet av Jordanelva som ligg med om lag like store delar i Israel og Jordan. Daudehavet er kjent for sitt salthaldige vatn og som det lågaste naturlege overflatepunktet på jorda. Daudehavet er 306 meter djupt og den djupaste hypersalte innsjøen i verda. Med eit saltinnhald på 34,2 % (i 2011), er han òg ein av dei saltaste sjøane i verda. Etter at vasstanden dei siste åra har gått sterkt ned, består Daudehavet no av to heilt separate delar. Tidlegare var det ei halvøy ved Al-Lisan. No er det turt land heile vegen. Berre eit lite bekkelaup er igjen og sørgjer for eit lite tilsig til den sørlege delen. I den nordlege delen er djupna opptil 400 meter, mens det i den sørlege berre er 4 meter.
Daudehavet har tiltrekt turistar i tusenvis av år. I Bibelen søkte kong David tilflukt her. Det var òg ein av dei første kurbadstadane (for Herodes den store), og fleire produkt er henta frå området: salvar for egyptisk mumifisering og kalium for gjødsling. Folk har òg nytta salt og mineral frå Daudehavet til å lage kosmetikk og urteposar. Les meir …