Microsoft Windows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Windows)
Microsoft Windows

Utviklar(ar)Microsoft
Utgjeve20. november 1985
Nyaste versjon10.0.22000.556 (8. mars 2022)[1]
PlattformARM, IA-64, MIPS, DEC Alpha, PowerPC, x86
Skrevet iC, C++, assembler
SkrivebordsmiljøWindows Runtime, Windows API, .NET Framework, Universal Windows Platform, .NET Compact Framework, .NET, Windows Forms, WPF
OppdateringsmetodeWindows Installer, Microsoft Store
Lisensproprietær lisens
Nettstadhttps://windows.com
FøregangarMS-DOS
Ein PC med Windows XP.

Microsoft Windows er ein serie operativsystem for datamaskiner utvikla frå IBM sin PC-teknologi. Første versjonen blei lansert i 1985 som eit grafisk grensesnitt lagt på toppen av MS-DOS. Frå og med Windows 95 har det vore eit fullverdig operativsystem, og har domineret PC-marknaden sidan 1980-talet.

Utgåver frå og med Windows XP finst på nynorsk. Brukarar med ekte Windows kan laste ned språkgrensesnittpakkene gratis frå Microsoft.

Gjeldande versonar[endre | endre wikiteksten]

For skrivebordsmaskiner:

  • Windows 7 (32-bit og 64-bit)
    • Home Premium
    • Professional
    • Ultimate
    • Starter
  • Windows Vista (32-bit og 64-bit)
    • Home Basic, versjon for heimebruk med eit minstekrav av funksjonalitet.
    • Home Premium, versjon for heimebruk som inkluderer Aero-utsjånad og mediaprogramvare.
    • Business, utvida nettverksstøtte, for kontor- og arbeidssbruk. Inkluderer ikkje Home-programvare.
    • Enterprise, utvida versjon av Windows Vista Business.
    • Ultimate, inneheld all funksjonalitet med fleire tillegg kalla 'Extras'.
    • Starter, ein sterkt nedstrippa versjon for sal i utviklingsland.
  • Windows XP
    • Home Edition, versjon for heimebruk.
    • Home Edition N, versjon for EU-marknaden, inkluderer ikkje medieavspelaren Windows Media Player.
    • Professional Edition, utvida nettverksstøtte, for kontor- og arbeidssbruk.
    • Professional Edition N, versjon same avgrensing som Home Edition N.
    • Professional x64 Edition, som PE, men for datamaskiner med 64-bits prosessorar.
    • Starter Edition, lett-versjon for sal i utviklingsland.
    • Media Center Edition, til mediabruk i HTPC-er.

Tenarar

  • Windows Server 2008
    • Windows Server 2008 Standard: Fem klientlisensar.
    • Windows Server 2008 Enterprise: 25 klientlisensar.
    • Windows Server 2008 Datacenter: Lisensiert per prosessor.
    • Windows Server 2008 for Itanium-baserte system: Lisensiert per prosessor.
    • Windows Web Server 2008.
    • Windows Server 2008 Standard utan Hyper-V: Fem klientlisensar.
    • Windows Server 2008 Enterprise utan Hyper-V: klientlisensar.
    • Windows Server 2008 Datacenter utan Hyper-V: Lisensiert per prosessor.
  • Windows Server 2003
    • Small Business Server: Opp til to prosessorar.
    • Web Edition: Same med auka fokus på og betre støtte for web-tenarar.
    • Standard Edition: Opp til fire prosessorar.
    • Enterprise Edition: Opp til åtte prosessorar, støttar klynger.
    • Datacenter Edition: Opp til 128 prosessorar.
    • Storage Server: For nettverksbaserte lagringsmedia.

For mindre datamaskiner

  • Portable Media Center, for digitale medieavspelarar.
  • Windows Mobile, for telefonar og PDA-ar.
  • Windows CE, for integrerte datamaskiner.
  • Windows XP Embedded, for integrerte datamaskiner.
  • Windows XP Tablet PC Edition, for mindre bærbare maskiner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]