Rev i segl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rev er dei strimlane eller stykka av eit segl på seglskip eller seglbåtar som kan bindast opp med tau for å gjere seglflata mindre i hardt vêr: ein tek inn eit rev, eller ein tek rev i seglet.

Ut frå dette har å taka rev i segla vorte ein talemåte som tyder å moderere seg, å ikkje gå fram utan å syne varsemd.