Orellanaprovinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orellanaprovinsen
delstat
Flagg
Land  Ecuador
Hovudstad Puerto Francisco de Orellana
Areal 21 692,1 km²
Folketal 182 166 (2022)[1]
Kart
Orellanaprovinsen
0°48′S 76°24′W / 0.8°S 76.4°W / -0.8; -76.4
Wikimedia Commons: Orellana Province

Orellana er ein provins i Ecuador. Hovudstaden er Puerto Francisco de Orellana, òg kjent som El Coca. Provinsen ligg lengst aust i Oriente-regionen, det vil seie regionen i Ecuador som ligg i regnskogen i Amazonas. Orellana er den siste politiske eininga i landet som blei opprett som ein provins. Tidlegare var Orellana austre del av Napoprovinsen, men han vart skilt ut i 1998.

Petroleum og trelast av tropisk skog er dei viktigaste naturressursane. På siste delen av 1900-talet vart det oppdaga mineralolje i området der det bur huaoraniar, shuarar og såkalla amazonquechuaer.

Det er conquistadoren og oppdagaren Francisco de Orellana som har gjeve namn til provinsen, fordi ein trur han passerte gjennom området då han som første europear drog tvers over det søramerikanske kontinent frå Ecuador til munningen av Amazonaselva, 15411542. I starten var reisa del av Gonzalo Pizarro sin store ekspedisjon på søk etter El Dorado.

Også i dag er infrastrukturen i provinsen svakt utbygd, mange område kan ein berre nå med fly, elvebåt eller kano. Napo med mange store og små sideelver renn gjennom provinsen. Napo er òg grenseselv over ei strekning i nord mot Sucumbíosprovinsen. Ho passerer grensa til Peru mot aust, og sluttar seg til Amazonaselva rett aust for Iquitos i Peru.

Provinsen er inndelt i følgjande cantóns, hovudstad i parentes:

  1. Aguarico (Nuevo Rocafuerte)
  2. Francisco de Orellana (Puerto Francisco de Orellana)
  3. Joya de los Sachas (La Joya de los Sachas)
  4. Loreto (Loreto)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Orellanaprovinsen