Ludvig Holberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig Holberg

Ludvig Holberg. Kopi av Jørgen Roed etter Johan Rosel[1]
Pseudonym Hans Mikkelsen
Statsborgarskap Noreg, Danmark
Fødd 3. desember 1684
Bergen
Død

28. januar 1754 (69 år)
København

Yrke skribent, filosof, skodespelforfattar, historikar, essayist, sjølvbiograf, romanforfattar, manusforfattar, universitetslærar, lyrikar
Sjanger skodespel, prosa
Far Christian Nielsen Holberg
Mor Karen Lem
Signatur
Ludvig Holberg på Commons

Ludvig Holberg (3. desember 168428. januar 1754) var ein dansk-norsk forfattar og vitskapsmann.

Holberg vart fødd i Bergen i Noreg, men reiste til Danmark i 1702, for å bli tatt opp ved Universitetet i København. I 1704 tok han førebuande prøve i filosofi, og avsluttande eksamen i teologi. Han vart etterkvart professor ved Universitetet i København, først i metafysikk, så i latin og historie.

Holberg var professor, forfattar, dramatikar og historikar. Han vart også godseigar, og fekk adelstittelen baron. Han døydde i København.

Skodespela hans er tekne vare på i Dramatisk Bibliotek ved Det Kongelige Bibliotek i Danmark.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Bilete av Den Latinske Skule i Bergen, kor Holberg vart elev.
Foto: Frode Inge Helland

Ludvig Holberg vart fødd i Bergen, og var son av ein oberstløytnant av bondeslekt, Christian Nielsen Holberg. Mora, Karen Lem, var dotterdotter av biskop Ludvig Munthe. Han vart døypt i Nykyrkja. Ettersom Nykyrkjas ministerialbøker manglar for perioden 1677-1700, vart ein fram til 1862 ukjend med fødselsdatoen. Holberg sjølv visste ikkje ein gong kva år han vart fødd, før han som eldre mann fekk det undersøkt: «Jeg haver selv paa et Haar ikke vidst det rette Datum, men alleeneste sat det Aar 1685, hvorudi jeg meenede at være kommen til Verden. Men da jeg for kort Tid siden lod mig tilskikke Udskrift af Kirke-Bogen i Bergen udi Norge, merkede jeg Vildfarelse, og fandt at jeg er fød Ao. 1684, saa at jeg nu ikke er langt fra 70 Aar.» Welhavens bok om Holberg, som vart gitt ut i 1854, hevdar at han vart fødd i juli. Begge foreldra døydde l løpet av barndommen hans; fyrst faren, som etterlat seg ein betydeleg formue, og da Holberg vart ti år gammal, mista han også mora. Før moras daud hadde familien også mista store rikdommar i ein brann som herja fleire bygningar i Bergen. Mora etterlét seg likevel ein liten formue til sine seks barn. I 1695 flytta Holberg inn hos onkelen sin, Peter Lem, som sende han på latinskulen (Katedralskulen), og førebudde han på eit yrke som soldat. Men like etter dette vart han adoptert av sin fetter Otto Munthe i Gudbrandsdalen.

Ludvigs store kunnskapstørst trekte han snart tilbake til onkelen i Bergen, der han vart verande, og han studerte flittig ved katedralskulen til byen brann ned i 1702. Han vart då send til Københavns Universitetet. Men han brukte raskt opp midlane sine, og utan noko å leva av vart han glad for å kome seg raskt tilbake til Noreg, der han tok imot ein stilling som huslærar hos ein prest på Voss. Han reiste snart tilbake til København, der han i 1704 tok teologisk embetseksamen, og samtidig lærte seg engelsk, fransk og italiensk. Men han måtte ha noko å leve av, så han tok imot ein huslærarstilling hos Smith i Bergen.

Vidare studium og undervisning[endre | endre wikiteksten]

Steintavle til minne om Holberg. Tavla kan skimtes på bilete over.
Foto: Frode Inge Helland

Smiths samling av reiseskildringar og notat frå reiser vekte ein reiselyst hos unge Holberg. På slutten av året 1704 gjekk han med ytst små midlar om bord på eit skip som skulle til Nederland. Han kom så langt som til Aachen som følgje av febersjukdom, og led så mykje av veikskap og fattigdom at han på eigenhand spaserte til Amsterdam og reiste tilbake til Noreg. Flau over å måtte returnere så raskt til Bergen, stansa han i Kristiansand. Her budde han gjennom vinteren og levde av å undervise i fransk.

Våren 1706 reiste han saman med ein student som heitte Brix, via London til Oxford, der han studerte i to år og tente til livets opphald ved å undervise i fiolin- og fløytespel. Han nemner takknemleg dei verdifulle biblioteka i Oxford, og det var der det fyrst gjekk opp for han, som han seiar: «hvor utmerket og strålende ville det ikke vært å ta plass blant disse forfatterne». Via London og Helsingør reiste han omsider til København for tredje gong, og han byrja å forelese ved universitetet. Folk møtte opp på hans førelesningar, men han fekk inga betaling.

Dei første arbeida[endre | endre wikiteksten]

Etter ei reise til Tyskland gav han ut ein kortfatta verdshistorie, Introduction til de fornemste Europæiske Rigers Historier (1711). I 1714 blei han utnemnd til ekstraordinær professor utan lønn, og omtrent samtidig fekk han eit lite stipend som sette han i stand til å foreta sin fjerde og lengste utanlandsreise. Han drog til Nederland og Belgia til Paris, blei der i eitt og eit halvt år og studerte fransk litteratur. Vinteren 1715-1716 oppheldt han seg i Roma, og sommaren 1716 var han tilbake til København. Mens han var borte, hadde det kome eit nytt verk frå hans hand, Interduction til Natur- og Folke-Rettens Kundskab (1716). For første gong blei emnet her behandla uavhengig av teologien og på dansk. Først 1717 blei han utnemnd til professor i metafysikk ved Universitetet i København, 1720 rykte han opp til professor i latin, og i 1730 fekk han den historiske lærestol.

«Den Poetiske Raptus», 1722-1727[endre | endre wikiteksten]

Hittil hadde Holberg berre skrive om rettsvitskap, historie og filologi, men i ein krangel med juristen Anders Højer frå Flensborg viste han sine satiriske evner. Fram til 1728 laga han verk som vart ein ny stil av humoristisk litteratur, under pseudonymet Hans Mikkelsen. Det komisk-episke diktet Peder Paars, den fyrste av dei dansk-norske klassikarane, kom i 1719. Diktet vart ein briljant satire om skikkane som var på den tida og han naut ein ideell suksess. Men det fornærma fleire mektige personar som truga han på livet, og om ikkje grev Danneskjold hadde fortalt kongen om han, er det mogeleg Holbergs karriere kunne vorte kortvarig. Dei neste to åra skreiv han fem kortare satirar som alle vart vel mottekne av tilskodarane.

Ludvig Holberg, frå J. P. Trap: Berømte danske mænd og kvinder, 1868

Storhendinga i 1722 var opprettinga av Danmarks fyrste offentlege teater i Grønnegade i København. Holberg vart teaterets fyrste husdiktar. Enkeltståande verk, som for eksempel Karrig Niding av ”Hieronymus Justesen Ranch” fanst, men i hovudsak kjende danskane teateret gjennom kontinentale teatergrupper som framførte på fransk eller tysk. Holberg bestemde seg for å bruke talentet sitt til å byggje opp ein eigen dansk komedie. Det fyrste av stykka hans som vart framført var Den politiske Kandestøber. Han skreiv no komediar i eit rasande tempo, og før utgangen av 1722 hadde teateret ein stor suksess med oppføringa av mellom anna Vægelsindede, Jean de France, Jeppe paa Bierget og Gert Westphaler.

I løpet av 1723 kom fleire suksessar som Barselstuen, Den ellevte Juli, Jacob von Thyboe, Den Stundesløse, Erasmus Montanus, Don Ranudo, Ulysses av Ithaca, Uden Hoved eller Hale og fleire. Det mest kjende stykket frå 1724 er Henrik og Pernille.

Trass i meisterstykka hamna teateret i økonomisk vanske og vart nøydde til å stenge. Påkjenninga hadde også tatt på helsa til Holberg, og han la ut på ein ny utanlandstur. Han vandra gjennom Belgia til Paris, der han blei verande over vinteren. Våren 1726 vende han utkvilt tilbake til København.

Den store bybrannen i København i 1728 tok ikkje berre huset til Holberg og mykje av eigedelane hans, men den førte også landet ut i ein nasjonal fattigdom og depresjon. Følgjene av krisa var at pietismen vann fotfeste ved hoffet og også blant folket. Pietistane var naturleg nok lite sympatisk innstilt til komediar, og han fann det best å avslutte sin poetiske raptus. Det gjorde han med ei samleutgåve av sine dramatiske verk i 1731, med eit tillegg av fem stykke som aldri vart oppført i hans liv.

«Den historiske raptus», 1730-1745[endre | endre wikiteksten]

I dei fylgjande femten åra heldt Holberg seg til verkar av historisk, filosofisk og statisk art. I denne perioden publiserte han ein politisk satire som heiter Metamorphosis (1726), ei skildring av Danmark og Noreg (1729), Danmarks Historie, ein kyrkjehistorie, biografiar om namngjetne menn, Moralske Tankar, ein skildring av Bergen (1737), Jødenes Historie og andre lærde og tidkrevjande arbeid. Holbergs einaste skjønnlitterære verk frå denne perioden var Nicolai Klimii iter subterraneum (1741), seinare omsett av Baggesen til Niels Klims underjordiske Rejse.

Etter at Kristian VI døydde i 1747 mista pietismen fotfeste ved hoffet, og teateret vart gjenopna med Holberg som direktør, men han trekte seg snart tilbake frå stillinga. Hans siste verk er fem bind med Epistler, det siste utgitt posthumt i 1754. I 1747 vart han utnemnd til Baron av Holberg. Han levde no åleine på godset sitt på Sorø på Sjælland, og døydde i København den 28. januar 1754, i sitt syttiande år. Han er gravlagd i Sorø klosterkyrkje.

Filosofane som Holberg framheva tydinga av hadde fornuft, sans og forstand. Han har blant anna sagt om forstanden at: «Når lykka vil favorisere forstanden, kan ein gjere store ting med liten kunst!» Mange meiner at han har fått desse ideane frå den greske filosofen Aristoteles.

Våpenskjold[endre | endre wikiteksten]

Før utnemninga til baron brukte Holberg segl med blant anna ein fjelltopp som figur. Komponeringa av våpenskjoldet han vart tildelt som baron, skal han sjølv ha hatt ein viss innverknad på. Våpenskjoldet er firedelt med sølv og raudt, med eit grønt grantre i fyrste og fjerde felt (symbol for norsk opphav) og ein lyre under ei stjerne i andre og tredje felt (symbol for dikting), begge av gull. Midt på er eit blått hjarteskjold med eit sølvfjell med opent rom midt på (symbol for namnet, «hult berg»). Våpenet har to hjelmar, kvar med ein randkrone for friherre, den fyrste har hjelmteikn med eit grønt grantre, og den andre med lyren under stjerna, begge gull. Som ei form for skjoldhaldar, er det på kvar side av skjoldet ei framkomande og liggjande sølvsfinks. Våpenet er eit såkalla talande våpen, kvar figuren i hjarteskjolda sikter til namnet.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Holbergs reiser var til stor nytte i det seinare forfattarskapet – dei mange inntrykka modna han også kunstarisk og moralsk. Holberg let seg inspirere av dei gamle latinske komediane og franske komediar han hadde sett i Paris.

Forfattarskapet kan delast opp i tre periodar; den historiske, den poetiske/komiske, og den filosofiske. Den poetiske raptus var då han i samtida sette produksjonsrekord med dei komiske dramaa. Dei er samtidig også det han i ettertida er blitt mest kjend for.

Det er også viktig å notere seg at han i ein av dei siste bøkene han skreiv om livet sitt, innrømma at han var sjalu og svært redd for at det andre skreiv, skulle vere betre enn det han sjølv skapte. Dette kan vere ei kjelde til å forstå forfattarskapet hans – hans irritasjon til dels over samfunnet, og til dels over andre lektorar og universitetet, gjorde ham skarp. Dette var ein gjennomgåande drivkraft i Holbergs forfattarskap.

Ideologi - Opplysningtidas mann[endre | endre wikiteksten]

Holberg trefte under eit opphald i Paris den danske vitskapsmannen Jacob Winsløw, som var katolikk. Winsløw prøvde å omvende Holberg, men dette resulterte berre i at Holberg vart antikatolikk og bevarde denne haldninga for all ettertid. Det er dermed ikkje sagt at Holberg var heidning eller ikkje-truande, han høyrde til den lutherske trua.

Holberg si grav i Sorø klosterkyrkje. Sarkofagen er laga av Johannes Wiedewelt.
Foto: Orf3us

Holberg kritiserte skuleundervisninga i kristendom: «Børn maa gjøres til Mennesker, førend de blive Christne» og «hvis een lærer Theologie, førend han lærer at blive Menneske, bliver han aldrig Menneske». Holberg trudde på fornufta sitt guddommelege lys i vårt indre, og for han var det første målet med undervisinga at elevane lærte å bruke sine sansar og sin forstand, i staden for nyttelaus terping av ei lærebok. Dette var ein ny, moderne oppfatning av religionsspørsmålet, og den kjenneteiknar Holberg som ein mann av sin tid, opplysningstida.

Holberg var interessert i fornufta fordi han meinte at det var denne som batt samfunnet saman. Dessutan undra det Holberg at det kunne finnast så mykje vondskap i samtida, når ein jo berre kunne la fornufta råde i staden for. Man kan altså seie at han flytta seg vekk frå ein religiøs forklaring på vondskap hen imot ein rasjonalistisk/empirisk tenkjemåte.

Holberg hadde ei positiv haldning til bibelkritikken, han blei heller ikkje hugill av det nye heliosentriske verdsbildet, som står i kontrast til Bibelens omtale av jorda som uflytteleg, han skreiv i ein av sine epistlar om dette: «de hellige Bøger ere ikke skrevne for at oplyse Mennesker udi Astronomie, men for at veyvise dem udi Saligheds Sager.» Holbergs religiøsitet representerte i det store og heile det ein kallar deisme. Han stilte seg kritisk til forstillinga om arvesynda, og nærte tillit til den frie viljen til menneska.

Holberg erklærte hensikt med sin forfattarverksemd var å spreie opplysning til gagn for allmenta og til nytte for samfunnet. Dette stemmer overeins med bildet av Holberg som framsteget og opplysningstidas mann.

Det er verd å notere seg at Holberg fann seg best til rette i storbyar med stor kultur - småbyar og natur interesserte ham ikkje, naturen fann han hesleg.

Innflyting på vitskapen[endre | endre wikiteksten]

Før Holbergs tid hadde vitskapen vore underlagt teologien, og den sine forstillingar, til dømes om verdsbildet, var uangripelege. 1700-talets opplysning betydde at vitskapen vart gjort meir folkeleg, og var eit framskritt for den erfaringsbaserte undersøkinga, empirismen, som ikkje minst gav vitskapen nytt grunnlag og nye moglegheiter. Holberg bidrog prinsipielt til denne utviklinga.

Holbergs ideal for vitskap var at den skulle gå induktivt (det vil seie erfaring bygd på observasjonar) fram og vere til praktisk nytte, noko vi ser eit morosamt døme på i hans Betænkning over den nu regierende Qvæg-Syge (1745), kvar han resonnerte seg fram til at smitta mest sannsynleg stammer frå mikroorganismar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Moralfilosofi og essay[endre | endre wikiteksten]

Naturrett og historie[endre | endre wikiteksten]

  • Introduction til de fornemste Europeiske Rigers historie (1711)
  • Introduction til Naturen og Folkerettens Kundskab (1713)
  • Danmarks og Norges Beskrivelse (1729)
  • Dannemark Riges Historie (1732-35)
  • Aldmindelig Kirke-Historie (1738)
  • Den Jødiske Historie (1742)
  • Danmarks og Norges Søe-Historie (1747)

Satirar og komediar[endre | endre wikiteksten]

Den eldste eksisterande teaterplakat for eit av Holbergs stykke (1722)
  • Peder Paars (1719-20)
  • Den Politiske Kandestøber (1722)
  • Jean de France (1722)
  • Erasmus Montanus (1722)
  • Jeppe paa Bierget (1722)
  • Mester Gert Westphaler (1722)
  • Barselstuen (1723)
  • Den ellefte Junii (1723)
  • Jacob von Tyboe eller den stortalende Soldat (1723)
  • Don Ranudo de Colibrados (1723)
  • Uden Hoved og Hale (1723)
  • Hexerie eller Blind Allarm (1723)
  • Melampe (1723)
  • Den Vægelsindede (1723)
  • Den Stundesløse (1723/1731)
  • Mascarade (1724)
  • Det lykkelige Skibbrud (1724)
  • Det Arabiske Pulver (1724)
  • Julestuen (1724)
  • De Usynlige (1724)
  • Ulysses Von Ithacia (1725)
  • Kildereisen (1725)
  • Henrich og Pernille (1724-1726)
  • Den pantsatte Bondedreng (1726)
  • Pernilles korte Frøkenstand (1727)
  • Den Danske Comoedies Liigbegængelse (1727)
  • Den honette Ambition (1731)
  • Don Ranudo de Colibrados (1745)
  • Plutus eller Proces imellom Fattigdom og Riigdom (utg. 1753)
  • Husspøgelse eller Abracadabra (utg. 1753)
  • Philosophus udi egen Indbildning (utg. 1754)
  • Republiqven eller det gemeene Bedste (utg. 1754)
  • Sganarels Rejse til det philosophiske Land (utg. 1754)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Portrett av Ludvig Holberg. Kopi etter Johan Rosel». DigitaltMuseum. Henta 16. september 2016. 
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.