Hamas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamas
Skipa10. desember 1987
HovudkontorGaza by
LeiarYahya Sinwar, Ismail Haniyeh
Ideologipalestinsk nasjonalisme, islamisme, jihadisme, islamsk nasjonalisme, antisionisme, antiimperialisme, antiamerikanisme, antisemittisme
Medlemmer20 000
Nettstadhttps://hamas.ps Sjå dette på Wikidata
Flagget til Hamas.

Hamas, akronym for Harakat al-Muqawamah al-Islamiyyah (arabisk for Islamsk motstandsrørsle) er ein palestinsk islamistisk paramilitær og politisk organisasjon. Rørsla er leia av Khaled Mashaal og held hovudsakleg til på Gazastripa, men opererer òg på Vestbredda.

Gruppa har stått bak fleire valdelege aksjonar mot hovudsakleg israelske mål, både sjølvmordsbombarar mot menneskemengder og rakettåtak mot militære mål i Israel. Ho blir derfor sett på som ein terroristorganisasjon av ei rekke land. Blant palestinarar er Hamas òg kjent for velferdsarbeid blant dei fattige.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamas blei grunnlagd av Ahmad Yassin og Mohammad Taha seint i 1987 som ei militant grein av Det muslimske brorskapet. Målet med gruppa var å utsletta Israel og oppretta ein islamsk stat for palestinarane.

Sjeik Ahmad Yassin blei drepen av israelsk militære i mars 2004. I april same året blei den nye hamasleiaren Abd al-Aziz al-Rantissi utsett for eit israelsk helikopteråtak i Gaza, og døydde seinare av skadane. Namnet til den nye leiaren blei halde hemmeleg av tryggleiksgrunnar, men israelsk etteretning meiner Mahmoud al-Zahar blei leiar etter al-Rantissi.

Valsiger[endre | endre wikiteksten]

Fordelinga av representantar i parlamentet etter valet i 2006.

Fatha som hadde styrt Gaza før valet var sett på som korrupt.[1] og i 2006 vann Hamas valet i Gaza[2] Sjølv om Hamas vart valde av palestinarane på Gazastripa i eit fritt val ville ikkje USA akseptera resultatet og freista å fjerna den valde regjeringa.[3]

Ideologi[endre | endre wikiteksten]

Hamas-charteret frå august 1988 erklærte heile Palestina som eit muslimsk land som aldri kan høyra til ikkje-muslimar. Dette charteret går sterkt ut mot sionismen, og nemner mellom anna Sions vises protokollar som om dei var ekte.

Før valet i dei palestinske sjølvstyreområda i januar 2006 la Hamas fram eit partiprogram der det gjekk fram at målet deira ikkje lenger var å utsletta Israel.[4] Med dette nærma Hamas seg det meir moderate Fatah-partiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ess, K., Why Hamas Won, zcommunications.org, 31/1-2006.
  2. Hamas sweeps to election victory, BBC.co.uk, 26/1-2006.
  3. Goldenberg, S., US plotted to overthrow Hamas after election victory, guardien.co.uk, 4/3-2008.
  4. Fransson, L., Hamas modererer seg, Dagbladet.no, 12/1-2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hamas