Bjørnstjerne Bjørnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørnstjerne Bjørnson

Bjørnstjerne Bjørnson i 1909.
Foto: Erwin Raupp
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. desember 1832
Bjørgan i Kvikne vest for Tynset
Død

26. april 1910 (77 år)
Paris, Frankrike

Yrke Skjønnlitterær forfattar, lyrikar, dramatikar, journalist, teatersjef
Religion kristendom
Far Peder Bjørnson
Mor Inger Elise Nordraach
Ektefelle Karoline Bjørnson
Born Bergliot Ibsen, Bjørn Bjørnson, Erling Bjørnson, Dagny Bjørnson Sautreau, Einar Bjørnson, Anders Underdal
Signatur
Bjørnstjerne Bjørnson på Commons

Bjørnstjerne Martinus Bjørnson (8. desember 183226. april 1910) var ein norsk forfattar og samfunnsdebattant. Bjørnson vann Nobelprisen i litteratur for 1903, som den første nordmannen, og er rekna som ein av dei fire store i norsk litteratur. Han skreiv teksten til den norske nasjonalsongen og var grunnleggjaren av Riksmålsforbundet.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bjørnson vart fødd på garden Bjørgan i bygda Kvikne vest for Tynset. I 1837 vart Bjørnson sin far, som hadde vore pastor i Kvikne, overført til Nesset prestegjeld, i Romsdal. I dette området voks Bjørnson opp. Etter mellomskule i den næraste byen, Molde, vart han 17 år gamal send til Christiania for å studera på universitetet. Forfattarinstinktet hadde allereie vakna, Bjørnson hadde skrive dikt frå han var 11 år. Han gjekk ut av universitetet i Christiania i 1852, og byrja snart å arbeida som journalist. Han skreiv mest teatermeldingar.

I 1857 publiserte han Synnøve Solbakken, den fyrste av bonderomanane. I 1858 vart denne etterfølgt av Arne, i 1860 av En glad gut og i 1868 av Fiskerjenten. Desse er dei viktigaste døma på hans bonde-forteljingar, ein del av forfattarskapen som gjorde djupt inntrykk i Noreg og gjorde han vidgjeten i utlandet.

Bjørnson var ein av dei opphavlege medlemene av Nobelkomiteen, og han vart attvald i 1900. I 1903 mottok han Nobel sin litteraturpris.

Bjørnson hadde bidrege meir enn nokon annan til å vekkja den norske nasjonalkjensla, men i 1903, like før brotet mellom Noreg og Sverige, tala han til sine landsmenn om forsoning og moderasjon.

I 1905, i det Noreg skulle velja si eiga uavhengige statsform, vart den tidlegare bastante republikanaren overtydd om at monarki var det rette for Noreg. Først og fremst kunne eit monarki gje sterkare band til Storbritannia. I tillegg var det på line med statsforma i Sverige og Danmark.

Bjørnstjerne Bjørnson døydde den 26. april 1910 i Paris, der han i nokre år hadde vore om vintrane. Han vart gravlagd med stor ære og sorg, etter å ha vorte henta heim til Noreg av eit norsk krigsskip.

Teatersjef i Bergen og Christiania[endre | endre wikiteksten]

Etter invitasjon frå Ole Bull vart Bjørnson kunstnarisk leiar ved Det norske Theater i Bergen i snaue to år, frå november 1857 til september 1859. Han spedde på økonomien med journalistarbeid. Han dreiv politisk kamp som redaktør av Bergensposten og klarte å få nye representantar inn på Stortinget. Dette førte til at han vart ønskt som redaktør i Aftenbladet i Christiania.

Han vendte attende til hovudstaden i september 1859. Han vart teatersjef på Studentersamfundets Theater ved Det Norske Studentersamfund. Han utvikla seg til ein kunnskapsrik og inspirerande regissør og instruktør. Han var ikkje så lite av ein skodespelar sjølv.

Den 1. oktober 1859 stod «Norsk Fædrelandssang, tileigna Noregs Konge, Hs. M. Kong Carl» anonymt på trykk i Aftenbladet. Det var den første versjonen av det som sida skulle bli den norske nasjonalsongen «Ja, vi elsker». Diktet var skrive i Bergen sommaren 1859. Da vart også Arne fullført og En glad Gut påbegynt. Bjørnson vart snart medredaktør i Aftenbladet. Han skreiv politiske artiklar til støtte for Reformforeiningen, ei foreining som på den tid vart stifta av Johan Sverdrup og Johannes Steen i allianse med eit fleirtal av stortingsbøndene under Ole Gabriel Uelands førarskap. Reformforeiningen arbeidet for demokratiske reformer, var opptakten til moderne partiorganisasjon etter parlamentarisk skikk og forløpar for partiet Venstre. Tida var ikkje moden, og Reformforeiningen møtte sterk motstand, især i Morgonbladet. Bjørnson stilte seg i første rekke i den heftige avisdebatten.

Midt under statthaldarstriden, inviterte Ibsen og Bjørnson den åndelege elite, som på den tid oppheldt seg i Christiania, til å vere med på å stifte Det Norske Selskab. Dette vart etablert 29. november 1859, og Bjørnson vart snart den sentrale personen. Målet var å fremme nasjonale verdiar.

Bjørnson heldt likevel så høg profil i statthaldarstriden, at han vart pressa ut av Aftenbladet, alt midt i januar 1860. Han fortsette å ha innlegg i avisa, men av upolitisk karakter. Mellom anna gjekk fleire kapittel av En glad Gut som føljetong seinhaustes 1859 og i vårhalvåret 1860. Nederlaget som redaktør var årsak til at han søkte stipendium for å komme seg utanlands.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Bjørnstjerne Bjørnson leser på kontoret, 1902
  • Synnøve Solbakken (1857)
  • Mellem Slagene (1857)
  • Halte-Hulda (1858)
  • Arne (1859)
  • Smaastykker (1860)
  • En glad gutt (1860)
  • Kong Sverre (1861)
  • Sigurd Slembe (1862)
  • Maria Stuart i Skottland (1864)
  • De Nygifte (1865)
  • Fiskerjenten (1868)
  • Digte og Sange (1870)
  • Arnljot Gelline (1870)
  • Fortællinger I-II (1872)
  • Brude-Slaatten (1872)
  • Sigurd Jorsalfar (1872)
  • Kong Eystejn (1873)
  • En Fallit (1875)
  • Redaktøren (1875)
  • Magnhild (1877)
  • Kongen (1877)
  • Kaptejn Mansana (1879)
  • Det nye System (1879)
  • Leonarda (1879)
  • Støv (1882)
  • Over Ævne. Første Stykke (1883)
  • En Hanske (1883)
  • Det flager i Byen og paa Havnen (1884)
  • Geografi og Kærlighed (1885)
  • Paa Guds Veje (1889)
  • Nye Fortællinger (1894)
  • Over Ævne. Andre Stykke (1895)
  • Lyset (1895)
  • Paul Lange og Tora Parsberg (1898)
  • To Fortællinger (1901)
  • Laboremus (1901)
  • På Storhove (1902)
  • Daglannet (1904)
  • Mary (1906)
  • Når den ny vin blomstrer (1909)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Bjørnstjerne BjørnsonWikikilden (frie originaltekstar)