Stortingsvalget 2001 endte med at de 165 representantene ble fordelt med 43 til Arbeiderpartiet, 38 til Høyre, 26 til Fremskrittspartiet, 23 til Sosialistisk Venstreparti, 22 til Kristelig Folkeparti, 10 til Senterpartiet, 2 til Venstre og 1 til Kystpartiet. Som følge av valget tiltrådte Kjell Magne Bondeviks andre regjering 19. oktober 2001, og ble sittende ut valgperioden. ► Les mer her.
Paparoa nasjonalpark er ein newzealandsk nasjonalpark som ligg nord på vestkysten av Sørøya, mellom byane Westport og Greymouth. Nasjonalparken vart oppretta i 1987 og omfattar 306 km². Parken strekkjer seg frå eller nær kystlinja til toppen av høgdedraget Paparoa Range. Ein separat del av parken ligg i nord og omfattar eit område kring elva Ananui Creek. Parken vernar om eit kalksteins- og karst-område. Det ligg ei rekkje grotter i parken, ei av desse, Metro/Te Ananui, er ein kommersiell turistattraksjon. Størstedelen av parken er skogkledd, og har ein svært variert vegetasjon.
Riksvegen State Highway 6 går langs parken. Paparoa Track, ein av New Zealand's Great Walks, går gjennom han. Den vesle busetnaden Punakaiki ligg nær grensa til parken, ikkje langt frå den populære turistattraksjonen Pancake Rocks. Les meir …