Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 8, 2016

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Topografisk kart over India.
Topografisk kart over India.

India er det største landet i Sør-Asia og utgjer hovudparten av det indiske subkontinentet.

Den nordlegaste delen av landet omfattar Himalaya og lågare fjellkjeder. Elvar som Brahmaputra og Ganges renn sør frå Himalaya og gjennom den fruktbare og tett folkesette Gangessletta i Det nordindiske låglandet. Den sørlege delen av landet er dominert av Deccanplatået som er avgrensa av Dei austlege Ghatfjella og Dei vestlege Ghatfjella på kvar side. Klimaet varierer frå tropisk monsunklima i sør til temperert eller kaldt i nord.

India er ein sambandsstat sett saman av 28 delstatar og 7 territorium.

Flatevidda på over 3 000 000 km² gjer India til verdas sjuande største land, medan folketalet på rundt 1,2 milliardar gjer det til verdas andre folkerikaste. Landet er også kjend som verdas folkerikaste demokrati. Det har ein omfattande og raskt voksande økonomi. Les meir …