Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2021

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Beatrix Potter
Beatrix Potter

Beatrix Potter (1866–1943) var ein engelsk forfattar, illustratør, naturforskar og landskapsvernar. Ho er best kjend for barnebøkene sine om dyr som oppfører seg som menneske.

Beatrix Potter sine studiar og akvarellar av sopp gjorde henne respektert i feltet mykologi, eller soppforsking. Då ho var i trettiåra gav Potter ut barneboka The Tale of Peter Rabbit, som blei ein stor suksess. Etter dette blei ho forfattar og illustratør på fulltid. Potter skeiv tretti bøker, tjutre av dei var tales eller soger for barn. Med pengane ho tente på bøkene sine, og ein arv etter ei tante, kjøpte Potter gardsbruket Hill Top i Near Sawrey i 1905; ein landsby i Lake District i Cumbria. I løpet av dei neste tiåra kjøpte ho fleire andre gardsbruk i området for å verna om det unike kulturlandskapet. Potter vann også prisar for avlsarbeidet sitt med herdwicksau, og blei ein velståande bonde med ei sterk interesse for landvern. Les meir …