Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Sherlock Holmes og Dr. Watson
Sherlock Holmes og Dr. Watson

Sherlock Holmes er ein klassisk kriminallitteratur-helt skapt av den engelske forfattaren Arthur Conan Doyle. Han er ein meisterdetektiv som brukar deduksjon som sitt beste hjelpemiddel.

Sherlock Holmes er hovudperson i meir enn 60 historier, inkludert fire romanar førte i pennen av Conan Doyle. Også seinere forfattarar har skrive Sherlock Holmes-historier, som Colin Dexter og Umberto Eco.

Holmes er mest truleg fødd i starten av 1854. Han starta som privatdetektiv i 1878 og trekte seg tilbake i 1903. Partnarskapen hans med dr. Watson starta i 1881. Sherlock Holmes budde på Baker Street 221 B. Adressa var den gang fiktiv, men er på grunn av populariteten til bøkene blitt oppretta, og Baker Street er såleis ei av dei mest kjende gatene i verda og eit populært turistmål. Les meir …