Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2013

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Aurlandsfjorden, ein av mange fjordar på Vestlandet
Aurlandsfjorden, ein av mange fjordar på Vestlandet

Vestlandet er eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som ligg sør for Trøndelag og vestom Langfjella, og som består av dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Namnet Vestlandet blir i dag nytta med noko varierande geografisk innhald, men er stort sett brukt om dei fire nemnde fylka som heile. Området utgjer 58 552 km² med 1 318 398 innbyggjarar. På Vestlandet er det 22 byar og 121 kommunar fordelt på 15 distrikt. Før i tida høyrde dei øvre delane av dalane på Austlandet i fleire administrative samanhengar til Vestlandet. Det same gjeld fylka Aust- og Vest-Agder, som no er rekna som Sørlandet.

Vestlandet er kjent for sine lange og bratte fjordar. Verdas nest lengste fjord er Sognefjorden og tredje lengst er Hardangerfjorden. Les meir …