Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 24, 2020

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Satelittbilde av Irland
Satelittbilde av Irland

Irsk geografi er utforminga til Irland, ei øy nordvest i Europa i Nord-Atlanteren. Havet har danna ei ujamn kystlinje i vest med mange øyar, halvøyar og nes. Geografisk er Irland i hovudtrekk samansett av ei låg sentral slette omringa av kystfjell. Det høgaste fjellet er Carrauntoohil (1 038 moh). Det er fleire store innsjøar langs dei irske elvane og den største av dei er Lough Neagh. Øya er meir elle mindre delt i to av Shannonelva som med ei lengd på 259 km og eit estuar på 113 km er den lengste elva på Irland. Ho renn sørover frå County Cavan i nord til Atlanterhavet ved Limerick.

Politisk er Irland delt i Republikken Irland og Nord-Irland, som er ein del av Storbritannia. Les meir …