Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2025
Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005 · 2006 · 2007 · 2008 · 2009 · 2010 · 2011 · 2012 · 2013 · 2014 · 2015 · 2016 · 2017 · 2018 · 2019 · 2020 · 2021 · 2022 · 2023 · 2024 · 2025
- Uke 1

Hama er ein by ved breidda av Orontes (Asi) vest i det sentrale Syria. Med eit folketal på 854 000 (2009) er Hama den fjerde største byen i Syria etter Aleppo, Damaskus og Homs. Byen ligg 213 km nord for Damaskus og 46 km nord for Homs. Han er provinshovudstaden i Hama guvernement. Hama er kjend for dei sytten noriaene sine, vasshjul som vert nytta til vatning, og som vert hevda å vere daterte til 1100 fvt. Sjølv om dei historisk sett vart nytta til kunstig vatning, er noriaene i dag mest til pynt.
I dei siste tiåra har byen Hama vorte kjend som eit senter for anti-Ba'ath-rørsler i Syria. Byen vart angripen av den syriske hæren under det islamske opprøret i 1964, og vart åstad for eit blodbad under det islamske opprøret i Syria i april 1981 og særskild i 1982, då nesten 25 000 menneske vart drepne. Byen vart igjen åstad for strid mellom det syriske forsvaret og motstandsstyrkar, som ein av hovudarenaene under den syriske borgarkrigen i 2011 og 2012. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 2

Dei magellanske subpolare skogane er ein terrestrisk økoregion i det sørlegaste Sør-Amerika, som dekkjer delar av sørlege Chile og i langt mindre grad sørvestre område i Argentina. Det er ein økoregion med temperert lauvskog og blandingsskog i den neotropiske regionen, og inneheld dei sørlegaste skogane i verda. Det typiske treslaget i regionen er tre i slekta Nothofagus, sørbøk.
Den magellanske subpolare skogøkoregionen ligg vest for Andesfjella, som spring nord-sør i det meste av lengda, men bøyer austover nær sørspissen av Sør-Amerika, og endar ved øygruppa Eldlandet. Den magellanske økoregionen var dekt av isbrear under siste istid, og landskapet er djupt dissekert av fjordar, med mange øyar, viker og kanalar, inkludert Magellansundet, som skil Eldlandet frå det søramerikanske fastlandet.
Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 3

Fontanell er eit anatomisk kjennemerke ved hovudskallen til nyfødde. Det plar å visa til dei blaute og membranøse gapa mellom knoklane som dannar skalletaket hjå foster og nyfødde. Etterkvart blir det danna nytt bein mellom knoklane, skallesaumar eller suturar.
Fontanellane oppstår fordi dei ulike knoklane som dannar hovudskallen ikkje er vaksne heilt saman hjå nyfødde. Dei har runde hjørne, og har berre ei bindevevshinne mellom seg. Ved møtepunkta mellom tre eller fleire skallebein møter kvarandre, er hinneområdet større, og det blir danna fontanellar. Fontanellar bidreg til snøgg strekking og omforming av hjerneskallen, av di hjernen utvidar seg snøggare enn dei omfamnande knoklane veks. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 4

Age of Empires II: The Age of Kings er eit sanntidsstrategispel utvikla av Ensemble Studios. Dataspelet vart gjeve ut av Microsoft i 1999 for både Microsoft Windows og Macintosh. Spelet er ein del av Age of Empires-serien, og er det andre spelet i denne serien.
The Age of Kings er eit strategispel som går ut på å byggja opp ein eigen sivilisasjon og deretter å kjempa ned dei andre sivilisasjonane. I spelet vert ein introdusert for tretten sivilisasjonar: Britane, bysantinarane, keltarane, frankarane, mongolane, gotarane, kinesarane, japanarane, persarane, sarasenarane, teutonarane, tyrkarane og vikingane. Spelaren må sikta etter å samla grunnleggande ressursar – mat, ved, gull og stein – som kan brukast på å byggja landsbyar og laga hærar. I spelet er det fem historiebaserte oppdrag og felttog, slik at spelaren må ta høgde for bakgrunnshistorier og andre speleforhold. Ein kan velja mellom tre ulike einspelarmodusar og éin fleirspelarmodus. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 5

Jakobittopprøret i 1745, også kjent som «Forty-five Rebellion» eller berre «The '45», var eit forsøk av Karl Edvard Stuart på å ta tilbake den britiske trona for far sin, Jakob Edvard Stuart. Oppreisten gjekk føre seg under den austerrikske arvefølgjekrigen, då det meste av den britiske hæren kriga på Kontinentet. Han blei likevel slått ned, og viste seg å vera det siste av jakobittopprøra som hadde byrja i 1689 med større utbrot i 1708, 1715 og 1719.
Karl byrja opprøret 19. august 1745 ved Glenfinnan i Det skotske høglandet. Han erobra Edinburgh og sigra i slaget ved Prestonpans i september. Ved eit rådsmøte i oktober gjekk skottane med på å invadera England etter at Karl gav dei forsikringar om solid støtte frå engelske jakobittar samstundes som franske troppar ville gjera landgang i Sør-England. Trass i ein siger ved Falkirk Muir i januar 1746, gjorde slaget ved Culloden i april slutt på opprøret og mykje av støtta for Stuart-saka. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 6

David Gilmour (fødd 1946) er ein britisk gitarist, vokalist og låtskrivar som er mest kjend som medlem av bandet Pink Floyd. I tillegg har han arbeidd som plateprodusent for ei rekkje artistar, som Kate Bush, Grace Jones, Tom Jones, Elton John, B.B. King, Paul McCartney, John Lennon, Bob Dylan, The Who og Supertramp. Gilmour har vore aktiv i mange velgjerande organisasjonar og vart i 2003 tildelt Commander of the British Empire for arbeidet sitt.
Gilmour fekk tilbodet om å byrje i Pink Floyd seint i 1967, og Pink Floyd var ei kort tid eit femmannsband. Då Syd Barrett forlet bandet, tok Gilmour over rolla hans som gitarist, i tillegg til å medverke som låtskrivar. Gilmour er kjend for svært presise soloar med røter i blues. Soloane hans er kjende for å vere velkomponerte, sparsame, lyriske og emosjonelle. Gilmour har forklart at det han mangla på teknikk og fart måtte han ta igjen på melodi. I tillegg har han eksperimentert mykje og laga nye effektar ved hjelp av forsterkarar. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 7

Hortulan (Emberiza hortulana) er ein eurasisk medlem av busksporvfamilien Emberizidae. Hannen har grågrønt hovud, gul strupe og gule augeringar. Undersida er oransjebrun. Hoene kan skiljast frå hannane ved ei mattera farge på hovudet. Ungfuglane er farga ganske lite iaugefallande. Hortulan skil seg òg frå andre sporvar, til dømes gulsporv, i kroppsform. Hortulanen er slankare og vengene er lengre og smalare.
Hortulan er ein trekkfugl som lever i Afrika sør for Sahara vinterstid. Han hekkar i sørvestlege Eurasia frå Portugal i vest til nordvestlege Mongolia i aust. Arten er nesten utdøydd som hekkefugl i Noreg og er oppført som kritisk trua, CR, på norsk raudliste. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 8

India.Arie (fødd 1975) er ein amerikansk songar, låtskrivar, fløytist og gitarist. Arie er ein platina-seljande artist med over fem millionar album selt i USA og ti millionar i heile verda, og har vunne fire grammyprisar, mellom anna Best R&B Album. Ho har også verka som skodespelar. Arie har engasjert seg innan sosiale spørsmål og menneskerettar, både som artist og som ambassadør for UNICEF.
India.Arie gav ut debutalbumet sitt Acoustic Soul 27. mars 2001. Albumet fekk positiv omtale og var ein kommersiell suksess.
I 2002 gav ho ut oppfølgjaralbumet Voyage to India. Ved grammyprisutdelinga i 2003 vann det Best R&B Album, medan singelen «Little Things» vann Best Urban/Alternative Performance. Songen «Get It Together» blei nytta på fleire filmar, mellom anna Brown Sugar (2002) og Shark Tale (2004). Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 9

Spansk geografi omfattar landområdet til Spania, som ligg sørvest i Europa og dekkjer om lag 84 % av Pyrenéhalvøya. I tillegg til på Den iberiske halvøya finst det fleire spanske område: Balearane, ei øygruppe i Middelhavet, Kanariøyane i sørvest, 108 km vest for Nord-Afrika, og fem plazas de soberania, område som Spania har suverenitet over på og utanfor kysten av Marokko: Ceuta, Melilla, Islas Chafarinas, Peñón de Alhucemas og Peñón de Vélez de la Gomera.
Av grensene til Spania er 4 964 km (88 %) vatn og 1917,8 km land (12 %). Det kantabriske havet (Biscayabukta) ligg i nord, Middelhavet og Det baleariske havet ligg i aust og søraust, Portugal og Nord-Atlanteren i vest og Frankrike og Andorra i nordaust langs Pyreneane. Middelhavskysten er 1660 km lang og atlanterhavskysten 710 km. Pyrenane er ei fjellkjede som strekkjer seg 435 km frå Middelhavet til Biscayabukta. Heilt sør i Spania ligg Gibraltarsundet, som skil Spania og resten av Europa frå Marokko i Nord-Afrika. På det smalaste er sundet mellom Spania og Marokko berre 13 km. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 10

St. Gallen er ein by og ein kommune og hovudstad i kantonen St. Gallen i Sveits. St. Gallen ligg ved Steinach, ei elv som munnar ut i Bodensjøen. Byen ligg 675 meter over havet. Kommunen har 75 833 innbyggjarar (2018) og eit areal på 39 km².
Byen var grunnlagd på 600-talet og vaks opp rundt St. Gallen-klosteret, som vart skipa på 700-talet. Bynamnet St. Gallen er etter vandrarmunken Gallus. I dag er byen rekna som det kulturelle og økonomiske senteret i Aust-Sveits. Største turistmåla i byen er stiftskyrkja og katedralen, det gamle St. Gallen-klosteret og stiftsbiblioteket. Alle bygningane er på verdsarvlista til UNESCO. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 11

Langsnuta flaggermus (Platalina genovensiu) er ein art i bladnasefamilien Phyllostomidae. Arten finst berre i nordlege delar av Chile og i Peru. Han lever for det meste av nektar og frukt frå kaktus. Arten er sjeldan, men har ei vid utbreiing med minst 25 kjende populasjonar. Han er oppført som nær trua på grunn av habitatsdegradering som fører til tap av den viktigaste matkjelda hans.
Langsnuta flaggermus har vanlege mål på rundt 81 mm i total lengd, vengespenn på 341 mm, og vekt mellom 19,5 og 19,9 gram. Ho er den største flaggermusa i underfamilien Lonchophyllinae. Denne storleiken kan vere ei tilpassing til nattlege temperaturar som nærmar seg 0°C. Arten er kjend for det svært lange snutepartiet, som kan indikere auka spesialisering. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 12

Jean-François Champollion (1790–1832) var ein fransk egyptolog som er kjend for å ha dechiffrert dei egyptiske hieroglyfane. I 1808 oppdaga han prinsippet som låg til grunn for ligaturane (grupperinga) til teikna. Basert på likskapen med ein av dei koptiske dialektane, hevda han at dei egyptiske hieroglyfane ikkje uttrykte vokalar. I 1810 la han fram påstanden om at dei egyptiske hieroglyfane vart nytta både som ideogram (som uttrykkjer ein ide) og som fonogram (som uttrykkjer eit fonem). I 1812 la han fram ein teori om kronologien i skrifta, som gjekk ut på at kursiv hieratisk skrift var ein forenkla versjon av hieroglyfane. I 1821 klarte han å dechiffrera dei fyrste kongelege inskripsjonane på Rosettasteinen, mellom andre dei til Ptolemaios V. Noko seinare klarte han, ved hjelp av inskpripsjonar på ein obelisk og ein tospråkleg papytus, å tyda inskripsjonane til Kleopatra. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 13

Dansk litteratur omfattar litteratur skriven av danskar, i Danmark eller på dansk. Dei fyrste spora stammar frå runeinnskrifter frå jernalderen og vikingtida, men begynner for alvor i mellomalderen og nyare tid. Dansk litteratur omfattar forfattarar som Saxo Grammaticus, Søren Kierkegaard, H.C. Andersen, Henrik Pontoppidan og Karen Blixen. Sidan Danmark i ein del av historia si òg hadde overherredøme over Noreg, har dei to nasjonane mykje felles kultur og litteratur og deler derfor ein del forfattarar. Den best kjende av desse er Ludvig Holberg.
Dei eldste bevarte tekstane frå Danmark er runeinnskrifter på minnesteinar og andre objekt. På 1100-talet blei dei fyrste eigentlege danske litterære verka til, og kring 1200 blei hovudverket frå dansk mellomalder, Gesta Danorum (Føretaka til danane) om den heroiske fortida til Danmark skrive av Saxo på latin. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 14

Jaktfalk (Falco rusticolus) er den største av falkeartane. Han hekkar sirkumpolart ved arktiske kystar, på tundra, og øyane i Nord-Amerika og den eurosibiriske regionen. Dette er i hovudsak leveområdet gjennom alle årstider, men nokre jaktfalkar spreier seg breiare etter hekkesesongen, eller om vinteren. Individuelle trekk kan ta fuglar over lange avstandar. Fjørdrakta varierer geografisk, og fuglane er farga frå heilt kvite til mørkebrune. Desse fargevariasjonane kallar ein morfar. Som andre falkar syner han kjønnsdimorfisme, der hoa er mykje større enn hannen. Typiske byttedyr inkluderer ryper og vassfuglar, som han kan fange i flukta; han kan òg ta pattedyr.
Jaktfalken har lenge hatt tilhøve til menneske, først og fremst utnytta i jakt, falkoneri. Han har status som den offisielle fuglen i Nordvestterritoria i Canada. Den kvite falken i toppen av våpenskjoldet til den islandske republikken er ein fargevariasjon av jaktfalk. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 15

Mount Ruapehu er ein aktiv stratovulkan ved den sørlege enden av Taupo Volcanic Zone på New Zealand. Han ligg 23 km nordaust for Ohakune og 40 km sørvest for den sørlege breidda til Tauposjøen, i Tongariro National Park. Dei største skisportsentera og dei einaste isbreane på Nordøya ligg i hellingane til vulkanen.
Ruapehu er ein av dei mest aktive vulkanane på jorda, og den største aktive vulkanen på New Zealand. Toppen er det høgaste punktet på Nordøya, og omfattar tre større toppar: Tahurangi (2 797 m), Te Heuheu (2 755 m) og Paretetaitonga (2 751 m). Det djupe, aktive kratereret ligg mellom toppane, og vert fylt til ein kratersjø mellom dei store utbrota. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 16

Eddi Reader (fødd 1959) er ein skotsk songar og låtskrivar som er kjend som songar for Fairground Attraction og for sin eigen solokarriere. Ho har vunne tre BRIT Awards. I 2003 bidrog ho til ny merksemd kring den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns.
Reader byrja spela gitar som tiåring, og var gatemusikant, fyrst i Sauchiehall Street i Glasgow, så tidleg i 1980-åra i London og rundtom i Europa, der ho også arbeidde med sirkus- og andre gateunderhaldarar. Ho svarte på ein annonse i musikkpressa og drog til London for å spela audition for og bli med i post-punk-gruppa Gang of Four. Deretter blei ho med gruppa på turne i USA. Tilbake i Storbritannia og ute av gruppa byrja Reader å arbeida som session-songar i London, med jobbar som å synga jinglar for radioreklamar og som songar med Eurythmics, The Waterboys, Billy MacKenzie, John Foxx og Alison Moyet. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 17
Eberbach kloster er eit nedlagt cisterciensarkloster nær Eltville am Rhein i Rheingau i Tyskland. Med sine imponerande bygningar i romansk og tidleg gotisk stil er klosterkomplekset rekna som eit av dei mest utsegnskraftige døma på arkitektonisk arv i delstaten Hessen.
Klosteret vart grunnlagt i 1136 av Bernard av Clairvaux som det første cisterciensarklosteret på austsida av Rhinen. Eberbach vart tidleg eit av dei største og mest aktive klostera i Tyskland, og herifrå skipa dei ei rekkje nye kloster. Då Eberbach var på sitt mektigaste på 1100 og 1200-talet budde det om lag 100 munkar og 200 lekbrør i klosteret.
Vinteren 1985/1986 vart interiørscenene til filmen Rosens navn tatt opp her. Klosteret er ein av hovudscenane for den årlege Rheingau Musik Festival. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 18

Eurovision Song Contest 1985 var den 30. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann stad i Sverige som følgje av den svenske sigeren året før. Sveriges Television produserte sendinga, og finalen blei halden laurdag 4. mai 1985 i Scandinavium i Göteborg.
Til saman deltok 19 land, det same talet som året før. Jugoslavia og Nederland valde å ikkje delta, mens Hellas og Israel var tilbake etter fråværet i 1984. For fyrste gong vann Noreg, representert av Bobbysocks og «La det swinge», skriven av Rolf Løvland. Sigeren skapte gledesrus og jubel i Noreg, og medlemmane i Bobbysocks blei tekne imot som heltar i heimlandet dagen etter finalen. I den påfølgjande veka spelte NRK radio «La det swinge» heile 429 gongar – tilsvarande 20 timar. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 19

Saidnaya er ein by i fjella i Syria som ligg 1500 meter over havet, 27 km nord for Damaskus. Sjølv om namnet er ortografisk litt forskjellig på arabisk, er stavinga nesten lik den arameiske ortografien for namnet på «Vår frue», og viser nesten heilt sikkert til Jomfru Maria. Det står eit kjent ikon av Jomfru Maria i hovudkyrkja i byen som vert høgt akta av både kristne og muslimar her.
Saidnaya har eksistert sidan oldtida, sidan minst 500-talet fvt., då han vart kjend med det arameiske namnet Danaba. Han vart eit viktig senter for kristendom, lenge før kristendomen vart den offisielle religionen i Romarriket. Byen har lenge vore eit senter for kristne pilegrimar frå heile verda, som kjem til Saidnaya for å fornye trua si og for læking. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 20

Eurovision Song Contest 1995 var den 40. utgåva av Eurovision Song Contest. Tevlinga blei arrangert av den irske kringkastaren RTÉ, og finalen fann stad laurdag 13. mai 1995 i Point Theatre i Dublin i Irland. Dette var tredje året på rad at Irland arrangerte finalen etter å ha vunne tevlinga i 1992, 1993 og 1994. Programleiaren var den irske journalisten Mary Kennedy.
EBU justerte ned talet på deltakarland frå 25 til 23 for å sikre seg at programmet ikkje overskreid tre timar. Dei sju dårlegaste plasserte landa i 1994 måtte difor stå over tevlinga dette året: Estland, Finland, Litauen, Nederland, Romania, Slovakia og Sveits, som mista sin fyrste finale i tevlinga si historie. Etter ei tett avrøysting vann Noreg sin andre siger, denne gongen med gruppa Secret Garden og songen «Nocturne». Vinnarlåten var komponert av Rolf Løvland, som også hadde skrive «La det swinge», den fyrste vinnarlåten til Noreg frå 1985.
Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 21

Atlanterhavsskogen er ein neotropisk økoregion som strekkjer seg langs atlanterhavskysten av Brasil frå delstaten Rio Grande do Norte i nordaust til delstaten Rio Grande do Sul i sør og innover landet så langt som til Paraguay og Misiones-provinsen i Argentina, der regionen er kjend som Selva Misionera. Nær alt av det totale arealet ligg i Brasil. Atlanterhavsskogen strekte seg ein gong i historisk tid over meir enn 1,1 millionar km². Etter over fem hundreår med utvidande europeiske busetjingar, står det att ca. 12 % til 28 % av areal med opphavleg vegetasjon.
Sjølv om berre ein mindre del av det opphavlege vegetasjonsdekket står att, held atlanterhavsskogen fram med å vere usedvanleg frodig i biologisk mangfald og endemiske artar, men mange er trua av utrydding. Det er registrert over 30 00 treartar, 98 flaggermusartar, 94 store eller mellomstore pattedyrartar, over 2 000 epifyttartar, 26 primatartar, 528 amfibieartar, 124 små pattedyrartar og over 800 fugleartar her. Ein liten populasjon av ein tamarinart i silkeapefamilien, Leontopithecus caissara, er endemisk for eit 358 km² stort område sør i Brasil. Ein trua art trefingerdovendyr, Bradypus torquatus, er endemisk for atlanterhavsskogen, likeins trefrosken Dendropsophus branneri. Kolibrien svaledryade, Thalurania watertonii, er sterkt trua (EN) og lever i eit avgrensa område lengst nord i økoregionen. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 22

Dansk kunst er biletkunst skapt i Danmark eller av danske kunstnarar. Tradisjonen går tusenvis av år tilbake, med viktige gjenstandar solvogna frå Trundholm frå 1000-talet f.Kr. Mange av dei tidlege periodane kan vanlegvis reknast til den vidare nordiske kunsten frå Skandinavia. Kunst frå det som i dag er Danmark er del av den nordiske bronsealderen, og deretter norrøn og vikingkunst.
Ein periode då nordisk kunst øvde sterk innverknad over resten av Nord-Europa var i vikingtida, og det er mykje att av denne kunsten, både i steinmonument som står urørt rundt på landsbygda, og gjenstandar gravne ut i moderne tid. Frå og med den danske gullalderen byrja ein distinkt tradisjon for dansk kunst som har bløma fram til i dag. På grunn av generøse kunstsubsidiar har dansk samtidskunst stor produksjon per innbyggar. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 23

Anna Muzytsjuk (fødd 1990) er ein ukrainsk sjakkspelar og stormeister frå Lviv. Ho er den fjerde kvinna i sjakkhistoria som har oppnådd ei FIDE-rating på minst 2600. Ho har vore rangert så høgt som nr. 197 i verda, og nr. 2 blant kvinner. Muzytsjuk er tre gongar verdsmeister i hurtig- og lynsjakk, etter å ha vunne verdsmeisterskapen i hurtigsjakk for kvinner i 2016 og verdsmeisterskapen i lynsjakk for kvinner i 2014 og 2016. I klassisk sjakk er beste plassering andre plass under verdsmeisterskapen for kvinner i 2017.
Muzytsjuk vekte brei mediemerksemd på slutten av 2017 då ho valde å boikotte verdsmeisterskapen i hurtig- og lynsjakk på grunn av avgjerda til FIDE om å halde arrangementa i Saudi-Arabia, på grunn av den diskriminerande politikken mot kvinner i landet.
Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 24

Buteo er ei biologisk slekt i haukefamilien, Accipitridae. Dette er artar av våkar som varierer i storleik, fjørdrakt og utbreiing. Dei er robust bygde rovfuglar med breie venger. I flukta syner vengene ein svakt kurva bakkant, dei ytste handsvingfjørene kan vise fleire korte «fingrar». Handsvingfjørene spriker ikkje så mykje som hos ørner, likevel kan ein våk likne på ei lita ørn. Halefjørene blir spreidde under sveveflyging, halen synest då brei med avrunda bakkant.
Den totale utbreiinga dekker mykje av alle kontinenta, dei har likevel fråvære frå Australasia og Antarktis. I Stillehavet finst det artar på Hawaii, Galapagos og øyar aust for Japan. Eit stort fleirtal av Buteo-våkane som ikkje er isolerte øyartar, er i meir eller mindre grad trekkfuglar, vanen er mest regelbunden for artane som hekkar på den nordlege halvkula. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 25

Iggy Pop (fødd James Newell «Jim» Osterberg, Jr. i 1947) er ein amerikansk songar, låtskrivar, musikar og skodespelar. Sjølv om han av mange vert rekna som sjølve gudfaren innan punkrock, har Pop spelt innan mange sjangrar gjennom åra, som pop, metal, jazz og blues. Han har spelt inn mange kjende songar, som «Lust for Life», «Real Wild Child», «Candy», «China Girl», «Nightclubbing» og «The Passenger».
Pop vart kjend som «Iggy» på high school, då han spelte trommer i eit lokalt bluesband, The Iguanas. Han var vokalist i det innverknadsfulle protopunk-bandet The Stooges, og er kjend for den skandaløse og ureknelege framferda si på scenen. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 26

Ferromagnetisme er ein eigenskap med nokre materialar som gjer at dei har mykje større permeabilitet enn dei fleste andre materialar og dei kan verta magnetiserte ved å plassera dei i eit magnetfelt. Magnetiseringa er kraftig ulineær og demagnetiseringa fylgjer ikkje same bane som magnetiseringa. Magnetiseringa-demagnetiseringa er difor hysterisk, noko som betyr at dei i større eller mindre gard vert permanent magnetiserte. Ferromagnetiske materialar med ei brei hysteresekurve held betre på magnetiseringa enn dei med ei smal kurve. Permanentmagnetar vert difor laga av denne typen materiale.
Ferromagnetiske materialar spelar ein viktig rolle i produkt som elektriske generatorar og motorar, spolar og transformatorar, aktuatorar, sensorar etc. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 27

Oppdikta plantar er plantar som er blitt funne på og som ikkje finst i røynda. Oppdikta blomar, tre og andre plantar dukkar opp i mytologi og folklore, og i nyare medium som TV, film og bøker.
Det finst mange underlege plantar i mytologi og folkeminne, som verdstre, livstre og heilage tre. I hindumytologi veks jambutreet på Jambudvīpa, med frukter så store som elefantar, som når dei knuser slepp ut store elvar av fruktsaft. I norrøn mytologi bind Yggdrasil saman dei ulike delane av verda, og er opphavet til verdselvane, som renn frå gevira til fire hjortar som lever i treet. I slaviske og austeuropeiske tradisjonar finst bregneblomen, som blømer ei kort tid kring midsommar og kan bringa magiske evner, som evna til å forstå dyr, rikdom og fruktbarheit, men også kan bringa ulukke frå ånder som vaktar han. Raskovnik er ein urt som kan opna alt som er lukka. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 28

Feittfugl (Steatornis caripensis) er ein stor, langvenga og slank fugl med ei kroppslengd på om lag 45 cm. Arten finst i dei nordlege områda av Sør-Amerika frå Guayana og øya Trinidad til Venezuela langs Andesfjella gjennom Colombia, Ecuador, Peru og Bolivia i skog og skogsterreng med grotter. Dei er sesongmessige migrantar som flytter ut frå område med grotter på søk etter frukttre. Streiffuglar har gjesta Costa Rica, Panama og Aruba.
Feittfuglen er ein nattaktiv fugl som har spesialisert seg på frukter av oljepalmen og tropiske laurbær. Dette er den einaste nattaktive flygande fruktetande fuglearten i verda. Desse fuglane leitar etter mat om natta med spesialtilpassa syn, men orienterer seg òg ved hjelp av ekkolokalisering, på liknande vis som flaggermus. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 29

«The Loco-Motion» er ein popsong frå 1962, skriven av dei amerikanske låtskrivarane Gerry Goffin og Carole King. Songen er kjend for å ha nådd topp 5 på den amerikanske singellista tre gonger – kvar gong i eit forskjellig tiår og framført av songar frå tre forskjellige kulturar: først den afroamerikanske popsongaren Little Eva i 1962, så det amerikanske hardrockbandet Grand Funk Railroad i 1974, og til slutt den australske songaren Kylie Minogue i 1988. «The Loco-Motion» vart opphavleg skriven for Dee Dee Sharp, men Sharp avviste songen.
Songen er eit populært døme på dansesong-sjangeren der mykje av teksten går med på å skildre sjølve dansen, vanlegvis dansa som ein slags linjedans. Songen kom derimot før dansen. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 30

Lewis Capaldi (fødd 7. oktober 1996) er ein skotsk songar-låtskrivar. Han var fødd i Glasgow, men voks hovudsakleg opp i Bathgate i West Lothian. Han lærte seg å spela gitar då han var ni, og starta musikkarrieren sin i 12-årsalderen med å syngja på pubar.
Capaldi fekk suksess gjennom å lasta opp opptak av seg sjølv i soverommet sitt på SoundCloud, som blei oppdaga av manageren Ryan Walter. Den 31. mars 2017 slapp han den første låten sin, «Bruises». Låten var snart blitt spelt nær 28 millionar gongar på Spotify verda over, og Capaldi blei den usignerte artisten som raskast nokon gong hadde nådd over 25 millionar avspelingar på plattforma. Like etterpå skreiv han kontrakt med plateselskapa Virgin EMI Records og Capitol Records. Han slapp debutskiva si, Bloom EP, 20. oktober 2017 i eit samarbeid med den grammyprisvinnande produsenten Malay, som hadde arbeidd lenge saman med Frank Ocean. Capaldi fekk suksess hjå eit breiare publikum i 2018, og i 2019 nådde singelen hans «Someone You Loved» fyrsteplassen på UK Singles Chart. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 31

Ama Ata Aidoo (1942–2023) var ein ghanesisk forfattar, poet, dramatikar, politikar og akademikar. Ho var også utdanningsminister i Ghana frå 1982 til 1983 under Jerry Rawlings sin PNDC-administrasjon. Det første skodespelet hennar, The Dilemma of a Ghost, vart publisert i 1965, noko som gjorde Aidoo til den første publiserte kvinnelege afrikanske dramatikaren. Som romanforfattar vann ho Commonwealth Writers’ Prize i 1992 med romanen Changes. I 2000 grunnla ho Mbaasem Foundation i Accra for å fremje og støtte arbeidet til afrikanske kvinnelege forfattarar.
Fiksjonsverka hennar handlar særleg om spenninga mellom vestlege og afrikanske verdsbilete. Debutromanen hennar, Our Sister Killjoy, vart gitt ut i 1977 og er framleis eit av hennar mest kjende verk. Boka er særleg merksemdsverdig for måten ho skildrar eit avvikande syn på seksualitet i Afrika, og spesielt på LHBT-personar. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 32

Vestgotarar var ei undergruppe av gotarane, eit germansk folkeslag som slo seg ned i Romarriket i seinantikken. Dei er best kjende for å ha oppretta eit kongedøme i Hispania (dagens Spania og Portugal). Vestgotarane er fyrst kjende frå Balkan, som ei romersk-alliert barbarisk militærgruppe leia av Alarik I.
Under styret sitt i Hispania bygde vestgotarane fleire kyrkjer som har overlevd og etterlet seg fleire kunstgjenstandar, som gullkrossar og votivkroner, som det er funne fleire av i nyare tid. Vestgotarane grunnla dei einaste nye byane i Vest-Europa frå fallet til Vestromarriket fram til karolingarane fekk makta i Frankarriket på midten av 700-talet. Mange vestgotiske namn er framleis i bruk på moderne spansk og portugisisk. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 33

Bahrain er ein liten øystat nær vestkysten av Persiabukta. Han omfattar ei øygruppe der den største øya er sjølve Bahrain, med ei lengd på 55 km og ei breidd på 18 km. Saudi-Arabia ligg i vest og er knytt til Bahrain via King Fahd Causeway, medan Iran ligg 200 km mot nord på andre sida av Persiabukta. Halvøya Qatar ligg i søraust, tvers over Bahrainbukta. Folketalet etter folketeljinga i 2010 var 1 234 571, medrekna 666 172 utlendingar.
Bahrain har den fyrste post-oljebaserte økonomien i Persiabukta. Sidan slutten av 1900-talet har Bahrain investert i bankvesen og turisme. Hovudstaden i landet, Manama, har fleire finansorganisasjonar. Bahrain har ei høg rangering på Human Development Index, og er rekna som ein høg-inntektsøkonomi av Verdsbanken. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 34

«Subterranean Homesick Blues» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på albumet hans Bringing It All Back Home i mars 1965. Månaden etter vart songen gjeven ut som singel og vart den første songen til Dylan som gjekk inn på Topp 40-lista i USA. Songen var inspirert av Jack Kerouac, Arlo Guthrie/Pete Seeger og Chuck Berry. Han var ein av dei første «elektriske» songane Dylan gjorde, og er òg kjend for den innovative musikkvideoen som følgde. Videoen var opphavleg ein del av D.A. Pennebaker-dokumentaren Dont Look Back. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 35

Orgelsmett (Cyphorhinus arada) er ein fugl i gjerdesmettfamilien med namn etter den forseggjorde songen sin. Han høyrer heime i Amazonas-regnskogen i Sør-Amerika, frå låglandet i søraustlegaste Venezuela og Guyana i nordaust til foten av Andesfjella i vest. I dette store utbreiingsområdet er det skildra seks underartar av orgelsmett, alle med sin distinkte variant av fjørdrakta og variant av den spesielle songen.
Orgelsmettar syng enkeltvis eller i duett. Duettsongen er antifonal, med ein serie klåre, melodiøse fløytetonar, som varierer sterkt i tonehøgd. Den eine fuglen syng høge tonar, den andre meir gutturale tonar. Songen er uvanleg kompleks, typisk samansett av fleire gutturale harde triller («zerrr») eller «kokelydar» avbrote av brå vekslingar til melodisk, fløyteliknande tonar. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 36

Kabelkran er eit transportmiddel i form av eit taubanesystem som vert nytta for å henta ut tømmer i ulendt terreng. Kabelkraner er skånsame mot terrenget, og høver òg for å henta ut virke der skogbotnen har dårleg bereevne, som til dømes på myr, eller når terrenget er utsett for erosjon. Om lag ein fjerdedel av skogsterrenget i Noreg er så bratt at det er vanskeleg å driva fram tømmeret.
Kabelkraner nytta innan skogbruk er mobile, og er som oftast bygd på ein traktor eller eit spesialbygd chassis med eigen motor. Ei kabelkran har éin eller fleire berekablar, der ei vogn (løpekatt) som ber lasset vert trekt fram og attende ved hjelp av trekk- og returliner, drivne av ein vinsj. Dei er som oftast fjernstyrte via radio. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 37

Narsaq-staven er ein furustav innskriven med runesymbol som er tidfesta til rundt år 1000. Staven blei oppdaga i Narsaq på Grønland i 1953. Han blei raskt identifisert som eit viktig funn, sidan han var den fyrste runeinnskrifta frå vikingtida som var oppdaga på Grønland. Stykket har to setningar med tvitydig og uklar runetekst. Ei framlagt tolking av den fyrste setninga er ‘Den som sat på eit kar såg eit kar’ medan ein annan er ‘Over havet, havet, havet er bakhaldet til æsene’. Den andre setninga refererer til ei jente som heiter «Bibrau» som kanskje sit på himmelen. Runebokstavane er kortkvistruner som er skorne inn på ei side av stokken. Endå ei anna sida har fleire nøye utskorne symbol med uklare tydingar, kanskje løyndruner eller ei form for telling. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 38

Tjørebrenning er utvinning av tjøre ved tørrdestilasjon av harpikshaldig trevirke. Det er særleg fururøter (tyri) som vert brukt. Ulike metodar har vorte brukt ved tjørebrenning: Tjøregrov, brenning i jarngryte, milebrenning og tjøreomn. Dei eldste daterte tjøremilene i Noreg er frå 1000-talet. Milene var i bruk til innpå 1900-talet. Ein kjenner til tjøreomnar frå 1600-talet og framover.
Det går med store mengder oppkløyvde fururøter til ei tjøremile. Det krevst svært mykje arbeid. Det har vorte rekna med at det tek nær eit årsverk å gjere veden klar. Fururøtene bør helst vere så gamle at ytterveden har rotna vekk. Stubben bør då vere 10–15 år, eller meir. Ein kjenner døme på miler der det har vorte brukt ved frå meir enn 150 år gamle stubbar. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 39

Ringdans er ein kollektiv dans der ei gruppe dansarar dannar ein ring, halvring eller bøygd linje og dansar til musikalsk akkompagnement. Han kan dansast av ei gruppe i lag utan at ein treng danna par. Til skilnad frå i linjedans er dansarane gjerne knytte til kvarandre ved å halda kvarandre i hendene eller fingrane, ha armane på skuldrene til kvarandre eller liknande. Dansane kan vera svært enkle ved at ein går rundt i ring, eller ha meir kompliserte trinn. Dei kan vera rolege eller ville, og kan til dømes vera del av ei markering eller ei form for meditasjon.
Ringdans er ein eldgammal dansetradisjon som finst i mange kulturar og blir utført ved spesielle høve, seremoniar, ritual og sosialt samvær. Ein kan dansa dei til ei rekkje ulike musikksjangrar og rytmar. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 40

Sør-Shetlandsøyane er ei antarktisk øygruppe som ligg kring 120 km nord for Den antarktiske halvøya, med eit samla areal på 3687 km². I følgje Antarktistraktaten frå 1959 er statsvelde over øyane verken anerkjent eller motstridd av medlemslanda av avtalen, og dei kan berre nyttast til fredelege føremål.
Storbritannia har gjort krav på øyane sidan 1908 og dei har vore ein del av Britisk Antarktis sidan 1962. Dei er òg gjort krav på av Chile (sidan 1940) og av Argentina (sidan 1943). Fleire land har forskingsstasjonar på øyane. Dei fleste av dei ligg på King George Island. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 41

Folkekrosstoget var ein del av det første krosstoget og varte om lag seks månader frå april til oktober 1096. Det vert òg kalla «Bondekrosstoget» eller «Fattigmannskrosstoget». Det vart leia av Walter Sans-Avoir og Peter Eremitt. Hæren deira leid eit stort nederlag for seldsjukkstyrkane til Kilij Arslan.
Pave Urban II planla at krosstoget skulle legge i veg 15. august 1096, men månader før dette slo store styrkar av bønder og smålåtne riddarar seg uventa saman og sette avgarde mot Jerusalem på eiga hand. Bøndene hadde vorte råka av tørke, svolt og pest i fleire år før 1096, og for enkelte var dette sett på som eit høve til å forlate all denne lidinga. Det som oppeldna bøndene var mellom anna fleire astronomiske fenomen som skjedde frå starten av 1095, mellom anna meteorregn, nordlys, ein måneformørking og ein komet.
Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 42

Romsdalshorn stoppestad var ein stoppestad på Raumabana som vart opna i 1924 og mista passasjertrafikken i 1988. Formell nedlegging var i 1990. Romsdalshorn er ei grend i Rauma kommune i Romsdalen, 10 kilometer aust for Åndalsnes. Stasjonen er statleg listeført og freda.
Gulltransporten frå Noregs Bank i Oslo under andre verdskrigen vart halden skjult på Romsdalshorn stasjon i tre dagar. Til minne om desse dramatiske dagane opna entusiastar i 2018 eit museum på Romsdalshorn stoppestad.
Tidleg på 2000-talet skulle ny Europaveg 136 byggjast gjennom Romsdalen og over stasjonsområdet på Romsdalshorn, og stasjonen var truga av riving. Statens Vegvesen flytta difor stasjonsbygninga til Horgheim i 2006, der ho vart restaurert og skilta som Trollveggen stasjon. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 43

Banff nasjonalpark er den eldste nasjonalparken i Canada. Han blei skipa i 1885 i den canadiske delen av Rocky Mountains. Parken, som ligg 110–180 km frå Calgary i provinsen Alberta, dekker eit areal på 6641 km² fjellterreng med talrike isbrear, tette barskogar og fjellandskap. Icefields Parkway strekker seg frå Lake Louise i sør, med samband til Jasper nasjonalpark i nord. Offentleg eigde skogar og Yoho nasjonalpark er naboar i vest, medan Kootenay nasjonalpark ligg i sør og Kananaskis Country i søraust. Mesteparten av den kommersielle verksemda i parken er i byen Banff.
Canadian Pacific Railway var svært viktig i dei første åra for Banff. Verksemda bygde både Banff Springs Hotel og Chateau Lake Louise, og trekte turistar til staden gjennom utstrekt annonsering. På byrjinga av 1900-talet blei det bygd vegar i Banff, nokre av dei bygde av krigsinternerte, og nokre ved hjelp av offentlege arbeidsprogram som blei starta under den store depresjonen. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 44

Flugesnapparfamilien (Muscicapidae) er ein biologisk familie av over 350 artar i ordenen sporvefuglar. Artane er utbreidde i Afrika, Asia og Europa. Familien har stort mangfald på fleire vis, han samlar 52 slekter, ofte med særpreg i utsjånad og levevis. Mange artar deler fellesnamn på tvers av taksonomisk inndeling, døme er flugesnappar, raudstjert, steinskvett, nattergal, flugesvett, trastskvett og andre, alle spenner over fleire slekter. Fuglar i flugesnapparfamilien er små til mellomstore fuglar, med kroppslengd mest vanleg frå 10 til 22 centimeter. Dei er insektetarar, og mange artar fangar gjerne byttet i flukt.
Kjente artar i Noreg frå denne familien er raudstrupe og svartkvit flugesnappar. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 45

Black Sabbath var eit engelsk rockeband skipa i Birmingham i 1968 av gitaristen Tony Iommi, trommeslagaren Bill Ward, bassisten Geezer Butler og vokalisten Ozzy Osbourne. Dei er ofte blitt rekna som pionerar innan heavy metal. Bandet var med å definere sjangeren med utgjevingar som Black Sabbath (1970), Paranoid (1970) og Master of Reality (1971). Bandet har hatt mange besetningar gjennom åra etter at Osbourne slutta i 1979, med Iommi som det einaste konstante medlemmet.
Black Sabbath har selt over 70 millionar plater på verdsbasis per 2013, noko som gjer dei til eit av dei mest kommersielt vellykka heavy metal-banda. Black Sabbath vart innlemma i UK Music Hall of Fame i 2005 og Rock and Roll Hall of Fame i 2006. Dei har òg vunne to Grammyprisar for beste metal-framføring, og i 2019 vart bandet tildelt ein Grammy Lifetime Achievement Award. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 46

Angola er ein republikk i Sørvest-Afrika. Angola har kyst mot Atlanterhavet. Det meste av Angola ligg på Kalahari-platået. Langs Atlanterhavet strekkjer det seg ei smal kystslette på 70–150 km som til dels består av yngre sedimentbergartar med oljeførande lag. I nord er eit overgangsområde mellom det sørlege platået og Kongobassenget. Hovudstaden og den folkerikaste byen er Luanda, som ligg ved kysten nordvest i landet. I 2025 var det estimerte folketalet i landet 39 millionar.
Angola har vore folkesett sidan eldre steinalder. Etter at bantuekspansjonen nådde området var det blitt skipa statar på 1200-talet som seinare danna føderasjonar. Kongoriket fekk overherredøme over dei andre statane frå 1300-talet av. Portugisarane byrja kolonisera kysten frå 1500-talet av, Angola blei del av det portugisiske imperiet etter tre krigar. Landet fekk fullt sjølvstende først i 1975. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 47

Mont Ventoux er eit fjell i Provence sør i Frankrike, om lag 20 km nordaust for Carpentras i Vaucluse. Fjellet har ei høgd på 1 909 meter over havet, og er det klart største fjellet i området. «Venteux» tyder ‘vindfull’ på fransk, og det kan verte svært vindfullt på toppen, særleg i episodar med mistralvind då ein har registrert vind opp mot 320 km/t (89 m/s). Vegen over fjellet vert ofte stengd på grunn av kraftig vind.
Kvart år blir det halde amatørtevlingar om å sykla opp fjellet så raskt og så ofte som mogleg på 24 timar. Vegen opp Mont Ventoux er ein av dei mest krevjande klatringane i sykkelrittet Tour de France. Tevlinga er blitt avslutta på toppen av Mont Ventoux ti gonger. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 48

Alexander von Humboldt (1769–1859) var ein prøyssisk geograf, naturforskar, oppdagingsreisande og talsmann for romantisk filosofi med stor innverknad. Han var den yngre broren av den prøyssiske ministeren, filosofen og lingvistikaren Wilhelm von Humboldt. Det kvantitative arbeidet med botanisk geografi la grunnlaget for feltet biogeografi. Humboldt argumenterte for langsiktige systematiske geofysiske målingar som la grunnlaget for moderne geomagnetiske og meteorologiske observasjonar.
I perioden 1799 til 1804 reiste Humboldt mykje i Latin-Amerika, utforska og skildra landa der for første gong frå eit moderne vitskapleg synspunkt. Reiseskildringane hans vart skrivne og publiserte i eit enormt omfang over 21 år. Humboldt var ein av dei første til å foreslå at landa som grensar mot Atlanterhavet var ein gong var føydd saman, spesielt Sør-Amerika og Afrika. Humboldt fann fram termen «kosmos» frå gamalgresk og brukte det på fleirbindavhandlinga si, Kosmos, der han prøvde å sameina ulike greiner av vitskapleg kunnskap og kultur. Dette viktige arbeidet peika òg mot ei heilskapleg oppfatning av universet som éi eining i samspel.Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 49

Jamaicansk kultur omfattar religion, normer, verdiar og livsstil som definerer folket på Jamaica. Kulturen har oppstått av ei blanding frå fleire folkegrupper som har budd på øya, med ei historie som byrja med urfolka på Jamaica, tainoane. Under kolonitida blei øya teken over av Spania, som fyrst innførte slavar frå Afrika, og blei seinare styrt av Storbritannia. Jamaica fekk sjølvstyre den 1. august 1838, og sjølvstende frå Storbritannia den 6. august 1962. Svarte slavar blei den dominerande kulturelle krafta då dei leid under og motsette seg dei harde vilkåra for tvangsarbeid. Etter at slaveriet var avskaffa, blei kinesiske og indiske immigrantar frakta til øya som kontraktarbeidarar, og tok med seg kulturelle impulsar frå sine heimland.
Det jamaicanske flagget er svart, gult (gull) og grønt. Det blei teke i bruk då landet fekk sjølvstende 6. august 1962. Svart står for styrken til folket, gull for naturrikdommen og sollyset og grønt for håp og landbruksressursar. Rastafarirørsla kan bruka desse fargane, med raudt i tillegg til eller i staden for svart. Også desse fargane er utbreidde innan jamaicansk kultur. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 50

María Corina Machado Parisca (fødd 7. oktober 1967) er ein venezuelansk politikar og industriingeniør som for tida er opposisjonsleiar i Venezuela. Ho sat som vald medlem av Venezuelas nasjonalforsamling frå 2011 til 2014. Machado var kandidat i presidentvalet i Venezuela i 2012, men tapte opposisjonsnominasjonen mot Henrique Capriles. Under protestane i Venezuela i 2014 var ho ein av hovudfigurane bak organiseringa av demonstrasjonane mot Maduro-regimet. Ho var førehandskandidat for Vente Venezuela i primærvala til Den einskaplege plattforma i 2023, men vart den 30. juni 2023 frådømd retten til å stille til val i 15 år av Riksrevisjonen i Venezuela.
I 2025 vart Machado tildelt Nobels fredspris «for det utrettelege arbeidet sitt for å fremje demokratiske rettar for det venezuelanske folket og for kampen sin for ei rettferdig og fredeleg overgang frå diktatur til demokrati». Ho vart kåra til ei av BBC sine «100 Women» i 2018, og var på lista over Time Magazine sine 100 mest innverknadsrike personar i 2025. I 2024 mottok Machado Václav Havel-prisen for menneskerettar og Sakharovprisen (delt med González), for å representere venezuelanarar i kampen for demokrati. Les meir …
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 51
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2025
Vis –
Se nynorsk –
historikk
- Uke 52
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2025
Vis –
Se nynorsk –
historikk