Roald Amundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roald Amundsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juli 1872
Borge kommune
Død

Truleg 18. juni 1928 (55 år)
Polhavet, Bjørnøya

Yrke oppdagar, skribent, sjøfolk, forskar, polfarer, flygar, reisande, marineflyver
Språk norsk
Far Jens Amundsen
Ektefelle ingen verdi
Roald Amundsen på Commons

Roald Engelbregt Gravning Amundsen (16. juli 187218. juni 1928) var ein norsk polfarar. Han er kjend for å ha leidd den ekspedisjonen som nådde Sørpolen først, og for å ha funne nordvestpassasjen. Frå 1913 fekk Amundsen statsstipend som nasjonalgåve. Dette er ei ære som berre er vorten gjeven til Otto Sverdrup utanom han sjølv.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Amundsen blei fødd inn i ein norsk sjøfartsfamilie av reiarar og kapteinar i Borge i Østfold. Då Fridtjof Nansen kryssa Grønlandski i 1888 bestemte han seg for òg å via livet sitt til liknande oppdagingsreiser.

«Fram» i isen.

Han mønstra som annanstyrmannden belgiske Antarktis-ekspedisjonen (1897–1899). Skipet «Belgica», leia av Adrien de Gerlache, blei det første til å overvintra i sørpolområda. Den amerikanske legen om bord, Frederick Cook, redda truleg mannskapet frå skjørbuk, noko Amundsen hugsa på seinare turar.

Etter å ha sigld gjennom nordvestpassasjen med «Gjøa» i 1903–1906, planla Amundsen ein ekspedisjon til Nordpolen. Han rusta ut Nansenbåten «Fram» for ei nordpolsferd, men etter å ha fått melding om at Robert Peary hadde planlagd same ekspedisjon, skifta han uventa kurs mot sør.

Ekspedisjonen til Amundsen nådde Sørpolen den 14. desember 1911 etter eit kappløp med ein britisk ekspedisjon leia av Robert Scott. Med seg til Antarktis hadde han mellom anna Hjalmar Johansen som hadde vore følgjeskap til Nansen frå turen til 86° nord – men Johansen blei utelaten frå sjølve polekspedisjonen etter ein konflikt med Amundsen.

Frå 1918 til 1925 utforska han nordaustpassasjen frå Atlanterhavet til Stillehavet nord for det eurasiske kontinentet. Ein tur med skipet «Maud» var rekna som mislukka, men sju år seinare nådde han 87° 44' nord med fly, det nordlegaste punktet nokon hadde floge.

I den lange rekkja av utmerkingane Amundsen fekk er òg storkrossen av St. Olavs Orden frå 1906.

Flygaren[endre | endre wikiteksten]

Amundsen var open for bruk av moderne teknikk på polarferder. I 1909 vurderte han drakar. Hausten 1913 var Roald Amundsen i USA på foredragsturné, og var samstundes oppteken med førebuingane til ei ny nordpolsferd. Etter ein flytur i San Francisco fekk han opp auga for kva fly kunne gjera. Då han kom heim til Noreg igjen, kom han i løpet av vinteren på fleire besøk til Kjeller for å bli med flypioneren Einar Sem-Jacobsen som passasjer. Desse turane interesserte han stadig meir, og då han bad om å få lov til å prøva å læra å flyga, fekk han straks løyve frå Forsvarsdepartementet. 11. juni 1914 tok han det første sivile flysertifikat i Noreg på Gardermoen. I 1928 blei Norsk Aero Klubb stifta med Roald Amundsen som formann.

Bilde av Amundsen før og etter ein tjuefemdagars polekspedisjon med fly.

I mai 1926 nådde Amundsen Nordpolen med luftskipet «Norge», saman med italienaren Umberto Nobile, som hadde utforma skipet, og Oscar Wisting. Amundsen og Wisting var dei to første i verda som nådde begge polpunkta. Dei brukte to dagar på turen frå Svalbard. Fordi dei tre tidlegare ekspedisjonane til Nordpolen – Cook i 1908, Peary i 1909 og Richard Byrd in 1926, nokre dagar før «Norge» – er blitt dregne i tvil, er Amundsen og dei andre i luftskipet dei første som utan tvil kom fram til Nordpolen.

Død[endre | endre wikiteksten]

18. juni 1928 reiste Roald Amundsen frå Tromsø med flyet «Latham» i eit forsøk på å finna Umberto Nobile, som var sakna i polområdet. Medan Nobile seinare blei funnen, forsvann flyet og Amundsen. Kva som skjedde er framleis ukjend. Berre to vrakdelar er funne, og ein reknar med at det havarerte nær Bjørnøya.

I ettertid er Amundsen blitt heidra med ulike oppkallingar, til dømes:

Og så, da verket var fullført, vendte han tilbake til Ishavets vidder, der hans livsgjerning lå. Han fant en ukjent grav under isverdenens rene himmel, med evighetens vingesus gjennom rommet. Men fra den store, hvite stillhet vil hans navn lyse i nordlysets glans for Norges ungdom gjennom de hundre år. Det er menn med mot, med vilje, med kraft som hans, som gir tro på slekten, gir tillit til fremtiden. - Den verden er enda ung som fostrer slike sønner.[1]

Roald Amundsen og vitenskapen

Fridtjof Nansens minnetale:

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

  • 1897-99: Roald Amundsen var med på Belgica-ekspedisjonen mot den magnetiske sørpolen.
  • 1903-07: Roald Amundsen leia Gjøa-ferda, som var fyrste seglinga som vart gjort gjennom nordvestpassasjen.
  • 1910-12: Roald Amundsens ekspedisjon til Sørpolen, som han planta det norske flagget på 14.desember 1911 etter å ha nådd fram rett før Scott.
  • 1918-25: Maud-ekspedisjonen, ein freistnad på å drive over polhavet slik Fridtjof Nansen hadde freista tidlegare med polarskuta Fram, men som Roald Amundsen måtte gje opp etter store vanskar med å segle gjennom nordaustpassasjen.
Roald Amundsen og sjøflyet N-25 på 87° 43' nord sommaren 1925.
Foto: Anders Beer Wilse
  • 1925: Roald Amundsen freista ta seg inn over nordpolen med flya N 24 og N 25, og nådde 88 gradar nord. Han og dei andre deltakarane berga seg attende med flyet N 25 så vidt det var.
  • 1926: Roald Amundsen leia ekspedisjonen med luftskipet «Norge» frå Ny-Ålesund på Svalbard over Nordpolen til Alaska.
  • 1928: Roald Amundsen vert borte ein ukjend stad i isen ikring Nordpolen under ei ferd med eit fransk Latham-fly i sin freistnad på å berge general Umberto Nobile og hans folk som hadde vore utsett for ei ulukke under ein ekspedisjon i polarområda. Dei siste livsteikna frå Amundsen var nokre radiosignal som vart motteke 18. juni 1928 rett før klokka 1800. Nobile og hans folk vart berga seinare, men ingen avklarande spor etter Amundsen er funne.

Roald Amundsens heim på Svartskog[endre | endre wikiteksten]

Roald Amundsens villa fotografert i 1909.

Uranienborg på Svartskog attmed Bunnefjorden i Oppegård kommune i Akershus var Roald Amundsens heim frå 1908 til han døydde i 1928. Huset er ein sveitservilla frå 1898, og står framleis slik det var då Amundsen drog av garde med flyet Latham for å freiste kome general Nobile og ekspedisjonen hans til hjelp. Frå 1935 har Uranienborg vore museum, og i 2003 tok Follo Museum over forvaltingsansvaret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Roald Amundsen