Kjetil Jemte

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

Kjetil Jemte (svensk: Kettil Jamte) eller Kjetil Anundson, ifølge sagaen den første kjente nybyggeren i Jämtland. Ifølge Snorre Sturlason var Kjetil sønn av Anund Jarl i Sparbu i Nord-Trøndelag.

I Håkon den godes saga og Olav den helliges saga fortelles det at Kjetil Jemte dro mot øst over Kjølen med en stor mengde folk og buskap og ryddet skog og dyrket opp store bygder som senere skulle få navnet Jemtland etter han. Årsaken til utvandringen var at østlandskongen Øystein «den onde» herjet så hardt i Trøndelag at mange flyktet fra landet. Snorre sier ingenting om når Kjetil Jemte skal ha levd, men det må ha vært på 700- eller 800-tallet.

Øystein, kongen til opplendingane, som sume kalla den mektige, men somme den ille, herja i Trøndelag og la under seg Øynafylket og Sparbyggjafylket; han sette son sin over dei; men trønderane drap han. Kong Øystein fór andre gongen på hærferd til Trøndelag og herja rundt omkring og la under seg; då spurde han trønderane kven dei helst ville ha til konge, trælen hans, som heitte Tore Fakse, eller hunden hans, som heitte Saur. Dei tok hunden, av di dei trudde at dei så skulle rå seg meir sjølve; dei lét seida tre manns vit i hunden, og han gøydde to ord og tala det tredje. Dei gjorde halsband og ei lekkje av sølv og gull; og straks det vart sølut, så tok hirdmennene hans og bar han på herdane sine. Det vart stelt til eit høgsete åt han, og han sat på ein haug, liksom andre kongar; han budde på Inderøya og hadde setet sitt der det heiter Sakshaug. Det er fortalt at han fekk banen sin av di det kom vargar og tok på buskapen hans, og hirdmennene eggja han til å verja feet. Han gjekk ned av haugen og fór dit som vargane var; men dei reiv han sund straks. Mange andre forunderlege ting gjorde kong Øystein med trønderane. For denne herjinga og ufreden flydde mange hovdingar, og mykje folk flydde frå odelsgardane sine. Kjetil Jemte, són til Onund jarl frå Sparbu fór aust over Kjølen, og ein heil brote folk med han; dei bygde store bygder der det sidan heiter Jemtland. Soneson til Kjetil var Tore Helsing; han fór for ei draps-sak frå Jemtland og aust over til skogane som der ligg, og bygde; og dit søkte mykje folk med han. Dette landet kallar dei Helsingland.

Snorre: Soga om Håkon den gode

Litteratur[rediger | rediger kilde]

  • Nils-Erik Eriksson, Sägnen om Kettil Jamte och Härjulf Hornbrytare, Jamtlis årsskrift Jämten, 1993

Referanser[rediger | rediger kilde]


Eksterne lenker[rediger | rediger kilde]