Kivlemøyane

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Gå til: navigasjon, søk

«Kivlemøyane» er et skillingstrykk som Alf Prøysen samlet inn til sin visespalte i «Magasinet For alle» årgang 1957. Her forteller innsender til spalten: «I følge sagnet skulle Kivlemøyane være de siste hedninger i Seljord. Under messen en søndag blåste de så forlokkende på prillarhorn, at almuen glemte både prest og messe og strømmet ut av kirken for å høre på. Da gikk presten ut og lyste møyane i Guds og pavens bann. Men slåttene som møyane spilte lever den dag i dag. Bygdedikteren Olaf Sveinson har laget skillingsvisen om Kivlemøyane.»

Teksten[rediger | rediger kilde]

1.Det var i tronge Kiveledal, i Skorvens bratte lid,
der sat ein sungdagsmorgon blid eingong i fordums tid
tre møyer unge, vakre, små med prillarhorn og lur
buskapen sin dei gjette der upmed den store urd.

2.Men kyrkja under lidi låg og stod med tårnet fast,
ho mange åt hev trossa traust dei drugje gygrekast,
dit dølen dro med fegen hug den losje heilagdag,
og høgt frå fjellet svare med dei djupe klokkeslag.

3.I bjørkeskogen fuglar song, i doggi sola brann,
og bekkjer ned frå fjellet sprang og bekk som kvite band,
og blåmann uppi høgdi gjekk med lange horn og skjegg
han røynde der i nuten han sin spreke geitelegg.

4.Snart kom han på vei ei sundagstund, han Per, den dalens klerk
ålvorleg innåt kyrkjedør han steig med bok og serk,
og klokka ringde saman ho og folket dei gjekk inn
og klerken i sin heilag bragd sto fram på plassen sin.

5.Do ljoma det frå møyane ein slått so klår og rein
ein ljod so fager og so sår som gjekk til merg og bein.
Han strøymde yver dal og vang i bjørkesusen ned
dei dirra, svara og det klang frå berg og stein og tre.

6.Ja tonane dei strøymde på, det trilla og dei kvad,
og mjukt og sårt dei lokka heim, dei lo, dei gret, dei bad.
Dei minte og dei mana blidt, dei hug og kjenslor hatt
og kvar ein ting som ljode ferr han lydd og tagna bratt.

7.I kyrkja tonarna gav svar i kvart eit veggjemot,
og kvar ein sjel der inne var det rørd i hjarterot,
på heilagord og messesong dei miste all sin gaum
for alle tankar lauga seg i denne toneflaum.

8.Ja, som ein kvervel slåtten for og veggjemillom sveiv,
han heile folkemugen med seg utor kyrkje reiv,
men Per han etter rørd og bleik, då utor kyrkje tro
på flokken fåfengt ropa han, for dei som nagla stod.

9.Då lyfte ram og ill i hug i hand den kyrkjemann,
og lyste desse møyar små i Guds og pavens bann.
Brått høyrdes som en tordendur uppi den svarte nut
igjennom dalen gjekk ein sukk og tona døyde ut.

10.Og sidan den usæle dag dei møyar stend i stein,
men skam få denne kjerke-eid som gjorde deim slik mein.
Ein ser dei enn den dag i dag med hornet sitt dei stend
og skådar kalde frå sitt berg utyver Kivlegrand.

11.Men slåtten som ei prilla ut han ljoda hjartesår,
i dalen under Skorves nut i mange hundrad år.
Enn leikande i dølens hug og spelemannens streng
i jentesong og fløyteljod ein ljom av honom gjeng.

Kilder[rediger | rediger kilde]


Kivlemøyane kan også referere til følgende: